toppbilde

Undervisningsopplegg

Til alle disse temaa så ligg det mykje informasjon å hente i kapitla til venstre!

Under følgjer framlegg til undervisningsopplegg som tek cirka 1–2 skuletimar å gjennomføre.

Opplegg for barne- og ungdomssteget

Innhald

Fortelje litt om verdas vatndag.

Materiell

Presentasjon (PDF, 1,6 Mb) med stikkord (PDF, 111 kb)om verdas vatndag.

Metode

Dialog. Kommentarer og spørsmål frå elevane.

Innhald

  1. Følgje ein dråpes ferd: hav-sky-regn- jordsmonn-innsjø- vassverk-hus-reinseanlegg-elv-hav
  2. Spørje elevane: kva bruker vi vatn til i huset (skrive svar på tavla)/- i byen - i naturen

Metode

Samtale med elevane med utg.pkt. i PPT-bilete av kretsløp, spørje, skrive svar på tavla.


Lenkjer og materiell

Vatnets kretsløp

Naturfag.no—vatnets kretsløp på vindauget

Naturfag.no—rollespel om vatnets kretsløp

Naturfag.no—omgrep knytte til temaet snø, is og vatn

Naturfag.no—islykt

Naturfag.no—isbit i vatn

Naturfag.no—iskremfabrikk

Naturfag.no—is på mange vis

Naturfag.no—isslott

Naturfag.no—isskulpturar

Naturfag.no—isballong

Naturfag.no—fordamping frå levande organismar

Naturfag.no—fra vassdamp til vassdråper

Naturfag.no—kvar blir vatnet av når klede tørkar?

Naturfag.no—svampedyr (elevark)

Innhald

  1. Teiknekonkurranse: fargeleggje kropp/ kor mykje er vatn
  2. Fortelje litt om vatn og kropp/helse: 70% er vatn, viktig å drikke vatn (fylle opp lagera som forsvinn gjennom tiss, sveitte, pust) for å halde seg frisk, i staden for brus (kvifor ikkje bra for kropp/tenner).
  3. Fortelje at vatn blir reinsa på vassverket slik at det skal vere trygt å drikke.
  4. Blindtesting av vatn (klassekåring). Fortelje at begge delar er bra for kroppen, men at flaskevatn kostar 1000 gonger meir enn kranvatn.

Materiell

  1. Teikning av menneskekropp som viser kor mykje vatn vi består av.
  2. Blindtest: 1 kopp med kranvatn og ein med flaskevatn (Imsdal), same temperatur.

Metode

  1. Dele ut 1 ark til kvar. Elevane fargelegg med blått så mykje av kroppen som består av vatn. Spørje kor mykje dei har farga blått og fortelje rett svar.
  2. Blindtest: Ein og ein kjem fram og smakar, seier kva dei synest smakar best, lage "hemmeleg" statistikk og "kåre" vinnaren av dei to vasstypane.

Lenkjer

Naturfag.no—de glatte musklane

Naturfag.no—hender i kaldt og varmt vatn

Innhald

  1. Korleis blir mat/drikke til tiss/bæsj? Ein naturleg del av kroppsfunksjonane.
  2. Kva skjer med bæsj etter at den er spylt ned i do?
  3. Slammets kretsløp: det vi fjernar på reinseanl. blir behandla og brukt til å dyrke matvarer, som vi et, som vi bæsjar ut, osv.
  4. Lære dei riktig do-kultur : dialogform

Materiell

  1. Presentasjon som visar slammets kretsløp
  2. Brosjyren “Vann så klart!” gitt ut av HIAS på Hamar
  3. Video: Det æ'kke alt som skal i dass.

Metode

  1. Samtale /dialogform.
  2. Fortelje om kretsløp v. vising av presentasjon.
  3. Spørsmål: Kva trur de ikkje skal i do? - skrive på tavla, forklare kvifor det er viktig at søppel og giftstoff ikkje skal kastast i do.
  4. Eventuelt vise musikkvideo

Lenker

Renseanlegg i Göteborg
Klikk "Så fungerer reiningsprocessen:" Rundtur vattenbehandling. Rundtur slambehandling.

Opplegg for ungdomsteget og vidaregåande

Innhald

Kan best løysast gjennom besøk på VA-anlegg der omvisaren bør kunne seie noko inngåande om prosessane i eit reinseanlegg relatert til tema i faget (eks. sedimentering, flokkulering, filtrering, evt. biologiske reinsetrinn, anaerob/areobe prosessar, vatnkjemiske parameter (leidningsevne, pH, farge ), fellingskjemikaliar, vasskjelde, hygieniske barrierar, desinfisering, m.m.)

Innhald

  1. Lese 2 historier om barn og vatn: om Siljes vanndag (Noreg) og Paulinas vanndag (u-land).
  2. Spørje: korleis trur de det er å vere Paulina?
  3. Fortelje kva FN har sett som 1000-årsmål om vatn og seie litt om korleis FN og alle land kan jobbe saman for at alle barn skal få nok vatn og godt vatn.

Materiell

FN-sambandets temahefte “Hodet over vannet” (eller andre liknande tekstar om barn og vatn i i-land/u-land)

Metode

  1. Høgtlesing
  2. Dialog
  3. Fortelje om FN's mål (fokus på rettferdig fordeling)

Lenkjer

UNICEF Barn og unge

Barnas tusenårsmål

UNICEF Skule og førskulelærarar

Ei avslutning på dagen

Innhald

  1. Ark med ca 10 spørsmål om ting dei har lært i løpet av dagen (avkryssing)
  2. Felles gjennomgang av spørsmåla—med fasit før alle kryssar av svaret på sitt ark.
  3. Arket blir limt inn i "boka mi"
  4. Alle lagar kvar si teikning om vatn, som blir samla inn og brukt t.d. til…
  5. Alle får "premie" for innsatsen: vassflaske med logo + teikneseriebrosjyre og klistremerke om do-kultur

Materiell

  1. Ark med ca 10 spørsmål (avkryssingsboksar m. 2-3 alternativ per spørsmål)
  2. Ark til å teikne på
  3. Premiar til alle: vassflaske, teikneseriebrosjyre og klistremerke

Metode

  1. Eigenaktivitet (avkryssing på spørjeskjema) og samtale om kva som er rett. Skal limast inn i bok.
  2. Elevane teiknar kvar si teikning, skal leverast inn.
  3. Utdeling av premie til alle