toppbilde

Tips for å lykkast med informasjon om vatn og avløp

I mange av kommunane i landet har ein gjennom åra prøvd å vekkje barns og unges interesse for å begynne å jobbe med vatn og avløp. På denne sida har vi samla nokre av dei aktivitetane som har vekt mest entusiasme hos dei unge.

Teikneseriar

Porsgrunn kommune har laget en teiknefilm om vatnet.

Klistremerke

Du kan bestille klistremerket med "Vis dokultur" og "Rent vatn—vår fremtid" hos Norsk Vann.

Tiss og bæsj fengjer

Frå NRKs barne-tv hugsar du kanskje songen “Det æ'kke alt som skal i dass”?

Entusiastiske personar

Entusiastiske personar er eit "must" for at det skal fengje.

Vær tidleg ute med planlegginga

Ta kontakt med lærar/skule våren eller hausten før. Lærarane har stram tidsplan. Viktig å setje av tid til planlegging. Det tek ofte tid.

Bruk video

Følg til dømes vatnets veg frå Nordmarka til Oslofjorden i denne videoen laga av PysjPopBaluba-gjengen.

Treff engasjerte lærere

Erfaringen er at engasjerte lærere som "brenner" for det setter av mer tid og følger opp.

Inngå samarbeidsavtalar

Gir betre forankring, blir meir spissa. Ein avklarer kva som bør avtalast. Her er lenkjer til framlegg til Samarbeidsavtale og Handlingsplan når du skal lage dine eigne.

Send ut informasjon på førehand

Viktig å sende ut faktaark/info på førehand. Då er lærar og elevar førebudde.

Førebu kontrollspørsmål

Vi følgjer opp med kontrollspørsmål etterpå. Då følgjer elevar betre med.

Det enkle fengjer framleis

Viktig å tenkje på alder i høve til konsentrasjon over tid på tema. Di eldre, di betre evne til konsentrasjon over lengre tid.

Vær kort og effektiv

Dei yngste elevane blir ofte nokså fort leie om det blir for langdryge omvisingar/for tung info

Spisse meir

Dei litt eldre elevane toler meir fagleg stoff.

Rekruttering kan begynne

Mange ønskjer no informasjon om korleis ein blir va-ingeniør når dei er på omvisingar. Viktig å begynne her. Dette blir også etterlyst. Bruk til dømes brosjyren vår.

Besøk på VA-anlegg i kommunen

Det kan anten vere det lokale vassverket eller næraste avløpsreinseanlegg. Syt for at det går klart fram på vebbsidene kven som er kontaktperson i kommunen for dei som ønskjer å kome på besøk.

Prøvetaking og analyse av vatn

Det finst små analysesett som ein kan få kjøpt. (Se Oslo kommunes beskriving av testing av vatnkvaliteten. Her finst også skjema som kan nyttast ved testing av vasskvalitet.)

Betre tid

Dei eldre elevane toler meir fagleg stoff og lengre omvisingar.

Bruk rekrutteringsvideo og brosjyrane

For dei som snart skal bestemme seg, har vi ein oversikt over dei utdanningsvegane som finst.

Send unge, engasjerte ingeniørar på messer o.l.

Målet er å få elevar til å velje "rett" fagkrets. Vår erfaring er at dei unge på slike messer helst ønskjer å snakke med nokon som har teke same type fag/jobbar med den type arbeid. Dei lurer på korleis arbeidsdagane artar seg, karriereval, oppbygging av grad osv. Bruk kanskje denne sida som et første døme.

Gjer faget kjent!

Mange veit enno ikkje at faget finst.

Gode lærarar på skulene

Vi erfarer stadig at elevar har valt andre fag fordi der var det "artigare" lærarar. Viktig å bruke gode fagfolk som engasjerer og kan sitt fag. Lage liste over aktuelle fagpersonar.