Vatn- og avløpssektoren er viktig for deg
Vatn- og avløpssektoren er Noregs viktigaste næringsmiddelprodusent og miljøaktør. Samfunnet er heilt avhengig av gode og trygge vatn- og avløpstenester for å fungere. Tenk deg sjølv korleis ein dag utan vatn og avløp ville vere …
Norsk Vann tek seg av vatn- og avløpsinteressene
Norsk Vann er ein ikkje-kommersiell interesseorganisasjon for vatn- og avløpssektoren (VA-sektoren). Organisasjonen skal arbeide for å oppfylle visjonen om reint vatn ved å sikre VA-sektoren funksjonelle rammevilkår og leggje til rette for utvikling av kunnskap og deling av kunnskap.
Om vannkunnskap.no
Vannkunnskap.no er for deg som ønskjer å ta vare på vatnet. Vil du vite meir? Her finn du fakta om vatn, drikkevatn og avløpsvatn. Her er videoar, bilete og oppgåver. Kunne du tenkje deg å jobbe med vatn? Her får du mange mulegheiter!
Kontakt oss for meir informasjon!