Mulegheiter etter ungdomsskulen
Dersom du har valt studieførebuande utdanningsprogram (med realfag) på vidaregåande skule og har lyst til å jobbe med vatn, kan du velje å studere ved ein høgskule eller eit universitet. Om du ikkje har valt studieførebuande utdanningsprogram med realfag, kan du ta forkurs for å tileigne deg det du manglar før studia tek til.

(sjå under for nærare beskriving av stega i denne figuren)
Du kan jobbe med vatn dersom du har fagbrev innan følgjande område:
Røyrleggjar, elektrikar, bygg- og anlegg med ADK-sertifikat, snikkar, mekanikar, maskinist, driftsoperatør (kjemi/prosessfag), automatikar, lekkasjekontrollør, yrkessjåfør for tyngre køyretøy.
Då kan du jobbe på forskjellige typar vatn- og avløpsanlegg (reinseanlegg, vassverk, pumpestasjonar, vedlikehald av dammar og oppsyn med drikkevasskjelde, bygging, vedlikehald og drift av leidningsnett, røyrinspeksjon med kamera og TV-bil, vedlikehald av leidningsnett med spyle-/sugebil).
Har du utdanning frå universitet og høgskular:
Sivilingeniør, ingeniør, prosessingeniør, miljøingeniør, kjemiingeniør, statsvitar, samfunnsvitar, jurist.
Då kan du jobbe med vassmiljøfag og forureining, analysar/laboratoriearbeid, prosjektering av VA-anlegg, modellering, kart, planarbeid (hovudplanar, saneringsplanar, driftsplanlegging med meir).
Dersom du tek administrativ og merkantil utdanning:
Utdanning frå kontorfag, økonomi o.a. Informasjonsrådgivar, sekretær, økonomikonsulent.
Då kan du jobbe med utbyggingsavtalar, forskrifter, personale og lønn, anbod og innkjøp, IKT, informasjonsarbeid, økonomi (gebyr), kundesenter, intern post og kopiering.
Under her finn du nokre av dei vegane du kan gå etter ungdomsskulen for å få ei spennande og givande framtid innanfor vatn- og avløpssektoren.