Jobbe med vatn?
Vil du ta vare på vatnet - og redde verda? Då kan du jo jobbe med vatn!
Yrkesval er spennande val, men også alvorlege og vanskelege for mange. Meiningsfylt arbeid er viktig for dei fleste. Dersom du vel å jobbe med vatn og avløp, garanterer dette for at du får eit samfunnsnyttig arbeid innan eit fagfelt som er grunnlag for både liv og helse, trivsel og komfort, arbeid og fritid - og som i tillegg set fokus på miljø! Fagområdet inneheld varierte arbeidsoppgåver. Her finst oppgåver for dei som ønskjer å jobbe ute, for dei som vil ha utgreiingsoppgåver og planoppgåver, for dei som vil jobbe på anlegg som til dømes reinseanlegg, og for dei som ønskjer å ha kunderetta oppgåver.
Les meir om mulegheitene, sjå oversyn over stillingstypar, eller sjå på video som viser bilete frå ulike arbeidsplassar og område.