toppbilde

Årshjulet—faste vatnaktivitetar

Gjennom året finst det fleire aktivitetsdagar knytte til vatn- og avløpsområdet. Nokre internasjonale og andre særnorske.

På denne sida finn du nokre av dei viktigaste lista opp, men pass på! Det kan vere dagar i løpet av året der din kommune køyrer eigne opplegg som du kan ha interesse av. Og dersom kommunen gjer det, kan du kanskje seie frå til oss?

22. mars: Verdas vatndag

Internasjonal dag som skal markere kor viktig vatn er for samfunnet. Dagen er fastsett av FN og har eigne vebbsider (på engelsk) som du kan studere nærare. Se og under Tema 1 Verdas vatndag annan stad på vannkunnskap.no.

28. mars: Det nyttar! Nasjonal konferanse om rekruttering til realfag

Dei viktigaste resultata frå forskingsprosjekt for å få fleire elevar til å velje fysikk, matematikk, kjemi og teknologifag, blir presenterte på denne konferansen. Både igangsette og planlagde tiltak blir diskuterte. Les meir hos Naturfagsenteret.

5. juni: Verdas miljødag

Torsdag 5. juni er verdas miljødag. Dette er FNs årlege dag for å setje fokus på miljø både ute blant folk og blant politikarar. Tema for årets dag er "Kick the habit". På norsk er dette omsett til "Bryt ein vane".

18. september: World Water Monitoring Day

Nok ein internasjonal dag som har som mål å skape forståing for kor viktig det er å ta vare på vassressursane i verda. Har også eigne vebbsider. Arrangør er Water Environment Federation og International Water Association.

23. september: Opningsdag for Forskningsdagane

Forskingsdagane er ein nasjonal, årleg festival der alle typar forskings- og kunnskapsbaserte institusjonar blir inviterte til å vise seg fram for folk flest på nye og spennande måtar. Les meir på vebbsidene deira. Det plar alltid vere mykje om vatn i løpet av denne veka…