Jenta:
- Kva gjorde de med doen?
- Vi hadde utedo med dunk. Dunken måtte tømmast, sjølvsagt. Om sommaren var det greitt. Dunken var tung, men vi bar han til ein stad bak nokre ripsbuskar. Så grov vi eit djupt hol og tømde dunken der. Vi skylde dunken med vatn, det vatnet tømde vi også oppi holet, og så grov vi jord over. Ungane fekk beskjed om at dei ikkje måtte leike nett der, for det var litt blautt nokre dagar. Det var våre ungar og naboungane.
Jenta:
- Men om vinteren?

- Om vinteren var det vanskeleg. Då var det is i bakken, det var tele, og det gjekk ikkje an å grave hol. Det gjekk ikkje an å tømme dunken heller, for tiss og bæsj var frose til is. Då gjorde eg slik: Først grov eg ei grop i snøen. Så drog eg dunken dit. Så snudde eg dunken opp ned i gropa. Oppå dunken laga eg eit bål. Etter kvart tinte det som var i botnen litt, og eg kunne dra dunken av. Der stod han, ein skulptur av frose tiss og frosen bæsj og avispapir. Eg la aviser oppå og grov snø over.
Dette var greitt inntil våren kom. Om våren måtte eg heile tida passe på at dohaugen var dekt av noko og at ingen barn leika i nærleiken. Vi hadde ei lita tomt, eller hage, så det var ikkje så enkelt. Når isen i jorda tinte, kunne vi grave ned alt saman. Vi hadde ikkje berre innhaldet frå éin dunk å grave ned. Vinteren var lang.