toppbilde

kapittel_8Kapittel 8
Den lange vegen til reint vatn

gårdsplass © Norsk Vann

Korleis kan vatnet komme ut av springen i 12. etasje? Korleis kan brannvesenet sende så store mengder vatn og kraftige strålar mot eit brennande hus? Korleis kan millionar av menneske kunne tømme ut 200 liter brukt vatn, kvar enkelt, kvar dag, utan at andre får det i drikkevatnet og blir sjuke?

Slik har det ikkje alltid vore. Brannar tok byane. Det var ikkje mogleg å sløkkje. Vatn frå doar og dyregjødsel seig ned i bakken og inn i drikkevatnet. Folk måtte greie seg sjølve, både med å få tak i drikkevatn og med å finne ut kva dei skulle gjere med det som samla seg opp i do. Etter kvart som det vart fleire menneske i byane, vart det mange brannar og mange sjuke menneske. Så tok staten og kommunane grep. Her er litt av historia som førte til at vi i dag kan drikke reint vatn, sløkkje brannar og reinse avløpsvatnet. Vil du lese forteljinga til Anne først?

hus i brann © Norsk Vann

Det var særleg i byane at folk var redde for brann. Der stod husa tett, så brannane spreidde seg lett. Husa var bygde av tre, taket var ofte dekt av tjøre. Folk hadde ikkje elektrisitet og brukte berre open eld.

Frå byrjinga av 1800-talet og framover var det mykje diskusjon mellom byborgarane om kva som burde gjerast. Borgarane var dei som åtte bankane og trygdelaga, fabrikkane og eigedommane. Dei meinte etter kvart at det var lurt å byggje vassverk. Det var mange grunnar til det:

  1. Redsla for brann
  2. Ny industri som trong reint vatn
  3. Fleire folk i byane
  4. Mange vart sjuke og døydde av forureina drikkevatn
  5. Ny teknologi vart funnen opp
  6. Meir lokalt sjølvstyre frå 1837
  7. Meir pengar til vassverk frå staten

fabrikk ved foss © Norsk Vann

Det var vanleg å ta drikkevatn frå elvar. Det går bra dersom elva ikkje er forureina. Akerselva er eit godt døme på kva som hende. Det låg mange fabrikkar langs elva som kunne ta vatn til produksjonen. Elva gav også kraft som dreiv hjul og maskinar. Men det er ikkje rart at fabrikkar som trong reint vatn, til dømes bryggjeria, klaga når elva kom med sagflis, feitt og anna avfall frå såpefabrikkar og sagbruk. Elva var også drikkevatn … Industrien trong dessutan like mykje vatn heile tida, uavhengig av korleis veret var og kva for årstid det var. Mange ville ha betre og jamnare tilførsel av reint vatn.

Frå 1800 til 1850 steig folketalet i heile landet med 70 prosent. Det vart endå større behov for vatn. Produksjonen auka både i jordbruk og fiske. Samstundes flytte mange frå bygdene og inn til byar og tettstader for å få seg arbeid. Dei jobba på sagbruk og i hamnene fordi skogeigarane eksporterte trelast. Mykje arbeid hadde å gjere med den store skipsfarten på den tida, som båtbygging og produksjon av skipsutstyr. Det vart fleire fabrikkar som trong arbeidarar.

fabrikk med omgivelser © Norsk Vann
           
Alle desse menneska skulle ikkje berre ha ein stad å bu, men dei skulle også ha vatn. I byane tok folk vatn der det var mogleg å finne. I Bergen regna det mykje, så det var ikkje så vanskeleg å få fylt brønnane. Det var vanleg at husa hadde ein brønn. I Oslo henta folk mest vatn i elvane. Elles var det brønnar. Etter bybrannen i 1624 bestemte kongen at det skulle leggjast røyr frå Akerselva til Akershus festning. Då vart det samstundes laga kummar i nokre gatekryss der folk kunne hente vatn.

gårdsplass © Norsk Vann

Hittil hadde dei styrande vore mest opptekne av å få nok vatn til å sløkkje brannar og få nok vatn til industrien. Samstundes fanst det folk som var opptekne av folks sunnheit og helse. Det var særleg enkelte ingeniørar og legar. I byane hadde det nemleg oppstått epidemiar. Mange gjekk med diaré og feber i månadsvis. Det vart kalla nervefeber. Det var eigentleg tyfoidfeber, som er ein tarmsjukdom. Så kom det koleraepidemiar. Mange døydde dagen etter at dei vart sjuke, fordi dei miste så mykje væske på grunn av kraftig oppkast og diaré.

Den vanlege forklaringa på kvifor slike sjukdommar oppstod, var at dei kom frå dårleg luft. Det steig opp ”miasmar”, trudde dei. Legane trudde at det var gassar som oppstod når innhaldet i doane og gjødselbingane rotna. Da galdt det å hindre stank, og dei ville ikkje at gassen skulle komme inn vindauga til folk. Dei ville føre det som stinka, vekk og ut i sjøen.

På den tida visste ikkje menneska om bakteriar. Nokon meinte likevel at smitten måtte komme av drikkevatnet. I England var det legar som meinte at kolera smitta gjennom infisert drikkevatn. Desse synspunkta var kjende blant legar i Noreg, og fleire var einige. Brønnar, doar og gjødselbingar låg ofte nær kvarandre på gardsplassane.

død mann i kiste © Norsk Vann

I 1848 kom det eit hollandsk skip til Bergen som hadde med seg ein død sjømann. Sjømannen vart gravlagd, og ei kvinne som vaska kleda hans, vart også sjuk og døydde. Dei som hadde pleidd henne, vart sjuke. Innan eitt år var 1005 menneske døde i Bergen og bygdene omkring.

Ein ny koleraepidemi braut ut på Austlandet i 1853. Han førte til at 241 døydde i Halden. I Larvik døydde 150, og i Kristiania (Oslo) døydde 1597. Fleire stader vart ramma. Kvifor vart så mange smitta?

No trur ein at dette hende: Det tok til med ein danske som vart lagd inn på Rikshospitalet i Kristiania med diaré. Då døydde fleire pasientar og tilsette av kolera. Dei som vaska på sjukehuset, spreidde sjukdommen til arbeidarstroka. Brått byrja sjukdommen å spreie seg raskt over store delar av byen. Grunnen var truleg at det var gått hol på vassleidningen med drikkevatn under eit gravearbeid ved Rikshospitalet då dei skulle lage nye doar. Det synte seg seinare at det var ekstra mange koleratilfelle langs gatene der vassleidningen gjekk vidare frå Rikshospitalet. Så truleg var det avføring med kolerasmitte i drikkevatnet som vart ført vidare gjennom byen. Dette skjønte ein etterpå, ikkje medan det hende.

Det vart likevel framleis ikkje gjort noko særleg for å lage avløpssystem, slik at avløp kunne haldast vekke frå drikkevatnet.

gatekryss © Norsk Vann

Kva laga dei vassrøyra av? Det fanst ikkje plast den gongen. Det vart ikkje laga røyr av jern.
Røyra vart laga av furutre. Det kom dugande innvandrarar til Noreg som lærte bort kunsten. Mellom anna kom dei til Kongsberg, der det var gruvedrift, og der vatnet måtte fraktast vekk frå gruvegangane. Då trongst det røyr.

Handverkarane tok ein furustamme og bora hol innover halve stammen. Så bora dei innover frå andre sida. Det var eit vanskeleg arbeid. Slike røyr vart grovne ned for å leie vatn frå dammar og sjøar ned i byane. Nokre røyr gjekk til private hus. Eigarane måtte betale for det. I ein del gatekryss vart det laga kummar for å ha vatn til å sløkkje brannar. Kummane var også staden der folk kunne hente vatn Det vart kalla vasspost. Dei som kunne kunsten å lage vassrøyr, vart kalla postmeistrar.

Føremonen med trerøyra var at dei kunne lagast av materiale som var lett å få tak i, og ikkje så dyrt, nemleg furutre. Ulempa var at det ikkje var plass til så store hol i dei. Berre ein to-tre tommar i diameter. Det vil seie at det ikkje var mogleg å sende veldig mykje vatn om gongen. Og sjølv om trerøyra varte veldig lenge, var det også mange som sprakk etter kvart.

Men så kom det røyr av støypejern. Det er jern som steikepanner, omnar og kumlokk er laga av. Industrialiseringa starta tidlegare i England og Tyskland enn i Noreg. Der byrja dei å lage vassrøyr av støypejern. Dei vart ikkje brukte i Noreg med ein gong. For det første var dei dyre. For det andre var dei norske ingeniørane usikre på om jernrøyra kunne tole den norske vinteren utan å sprekke. Dei måtte i tilfelle gravast djupt ned. Etter kvart vart røyra betre og billigare, og byrja å bli brukte.

Så vart dampmaskinen oppfunnen, og han gjorde det lettare å drive pumper og pumpe vatn.

møte mellom herrer © Norsk Vann

Før 1837 vart byane styrte av magistraten og stiftsamtmannen. Kongen bestemte over pengane i landet. I 1837 kom det lover som sa at kommunane kunne få avgjere mykje meir enn før. Dei er kjende som “formannskapslovene”. Dei førte til at mange vart ivrige etter å skape framsteg i kommunen sin, utan at kongen la seg opp i det. Det hadde mykje å seie for kva som vart gjort med vatn og kloakk, først og fremst vatn.

Det hadde jo vorte svært tydeleg at med alle dei nye behova som var skapte av industri, brannar og fleire menneske, så kunne ikkje kvar enkelt løyse oppgåva med å skaffe nok vatn, åleine. Mange skjønte at kommunen måtte ta ansvar og lage løysingar for heile samfunnet.

Det var mange bybrannar i 1850-åra. I 1860 brann 250 hus ned i Stavanger. I Kristiania var det ein stor brann i 1858.

I 1860 vedtok Stortinget at dersom kommunen bygde vassverk, skulle huseigarane betale ei mykje lågare branntrygding. Det gjorde at borgarane i byane vart meir positivt innstilte til å gje pengar til kommunale vassverk. Stortinget bestemte også at staten kunne gje kommunane lån når dei skulle byggje vassverk, for det kosta sjølvsagt mange pengar. Kommunane trong ikkje betale tilbake før om mange år.

brennevinsflaske © Norsk Vann

Nokre kommunar betalte heile vassverket sitt ved å selje brennevin. i 1871 fekk kommunane lov av staten til å vere dei einaste som kunne selje brennevin. Mange stader vart det ei gullgruve for kommunen. Til dømes kom det mange arbeidarar til Egersund for å byggje jernbane, folketalet auka, og to år etter bygde Egersund vassverk, mest med pengar frå sal av brennevin. Hamar bygde vassverk etter tre år med sal av brennevin. På Gjøvik gjekk det likeins.

Det første vassverket vart bygd i Bergen i 1855. Røyr vart lagde frå eit vatn som heiter Svartediket, og ein høg demning vart bygd. Vassverket skulle vere moderne, røyra skulle vere laga av støypejern og ha ein større diameter enn trerøyra hadde. Vatnet skulle ha høgt trykk. Vassverket skulle eigast og drivast av kommunen.

Dei som kunne betale vassavgift, kunne få vatn til huset sitt. Dei fattigaste kunne hente vatn i vasspostane i gata. Frå 1850 til 1900 vart det bygd 50 nye vassverk i Noreg.

I 1850-åra var det fleire koleraepidemiar. Både i utlandet og i Noreg var det nokon som meinte at drikkevatnet var problemet. Det vil seie, dei meinte at det var viktig å hindre at kloakk kom inn i drikkevatnet. Fleire vassverk og betre røyr førte etter kvart også til færre epidemiar, og det var jo eit teikn på at dei hadde rett. Men det vanlege synet var framleis at sjukdommane kom av ”miasmar”. Det var forureina luft, og det skapte sjukdommar, trudde dei. Då vart det viktig å hindre at avfall av alle slag hopa seg opp og vart liggjande lenge.

Det fanst måtar å leie kloakk på då også. Dei første kloakkane her i landet var mura av gråstein på ein flåte av tjukke furuplankar. Frå 1853 vart denne typen kloakkar erstatta av glaserte røyr av leire som var importerte frå England.

I 1860 vedtok Stortinget at det skulle vere “Sunnhetskommisjoner” i byane og bygdene. Dei skulle arbeide for god helse. “Sunnhetsloven” gav sunnheitskommisjonane ei tydeleg oppgåve. Dei skulle først og fremst syte for at det ikkje oppstod stank, og at bakken der det budde folk, ikkje vart infisert. Det førte til at desse kommisjonane arbeidde for at kloakken skulle leiast vekk. Dei ville også at avfall og doinnhald skulle lagrast i lukka behaldarar dersom det var mogleg.

Det tok likevel lang tid før det vart gjort noko med kloakken. Det ville koste pengar. Når det galdt å byggje vassverk, kunne kommunane setje ned prisen på branntrygdingar. Dei hadde ingen slik premie når dei skulle lage eit betre system for kloakken. Så det gjekk sakte. I mellomtida freista sunnheitskommisjonane å få kloakken vekk frå hus og gater. Dei ville ha rennesteinar på begge sider av gata. Nokre stader vart rennene lukka, dei fekk ”tak” over seg. Stavanger fekk røyrkloakk i 1870. Kloakken vart send ut i sjøen.

I byane var det som regel doar i bakgardar og gardsrom. Dei vart tømde av huseigarar, bønder omkring byen, private eller kommunale renovatørar. Innhaldet rann mange stader ut i hagen eller i rennesteinen. Eller det kunne renne ut i bekker eller i sjøen. Ein komité som undersøkte forholda i Bergen, meinte at halvparten av klosettavfallet i byen gjekk i rennesteinane, smau og bekker til Vågen og Lille Lungegårdsvann.

I 1865 starta Christiania Pudretfabrik med ein nye metode som dei kalla pudrett-metoden. Då vart innhaldet i doane blanda med kalk, myrjord og torvstrø for å fjerne lukt og gjere innhaldet brukande til gjødsel. Frå 1871 brukte kommunen denne tenesta.

Eit kommunalt renovasjonsselskap vart starta i Bergen i 1881. Det var det første i landet. Kommunen skulle ta ansvar for den praktiske og økonomiske sida, medan alle huseigarane måtte overlate tømming til renovasjonsselskapet. For å hindre søl og stank, vart det teke i bruk like kaggar (dunkar). Dei hadde lokk som kunne skruast fast, slik at det skulle bli mindre søl. Dei vart kjørte med hest og kjerre. Kvar 14. dag kom arbeidarane tilbake med kaggar som var nyvaska. Avfallet vart kjørt til ein pudrettfabrikk.

Der vart det blanda med torvmold og tørka. Til slutt vart det selt som gjødsel til bøndene omkring byen.

Ålesund innførte kommunal søppeltømming i 1895 og dotømming i 1908.

Då Eilert Sundt reiste rundt på landsbygda i 1880-åra, var han overraska over at mange gardar mangla utedo. Folk gjorde frå seg ute på jordet, også rundt 1900, eller bak fjøsveggen, i fjøset, utanfor husveggen eller i fjøra. Nokre bygder hadde doar.

Klosett

Nokre få år før 1900 byrja nokon å kjøpe vassklosett frå utlandet. Dei let gjerne toalettet renne ut i ein kum av tre i hagen, eller til ein bing under ein stall dersom dei hadde det, eller til ei elv eller til sjøen. Det var svært få som hadde vassklosett. Dei aller fleste hadde bingar og dunkar (bytter). Det var mykje diskusjon om korleis ein skulle tømme doane i byen best.

I Oslo vart det oppretta eit kommunalt renovasjonsselskap i 1897. Året etter vart det bestemt at kommunen skulle byte ut alle mura bingar og trekassar med like bytter. Det var i tråd med miasme-teorien. Få vekk det som låg og laga stank. Bytter førte til at dei måtte tømmast, og det ofte, - kvar dag eller annankvar dag. Det gjorde at mange fleire renovasjonsarbeidarar vart tilsette.

Arbeidet tok til på vestkanten. Fleire av dei som budde der, vart engstelege. Dei ville heller ha dei store bingane. Dei var nemleg redde for kva som ville hende dersom arbeidarane nekta å tømme byttene deira.

Frykta hadde noko for seg. I fire dagar. I 1899 sa arbeidarane at dei ville ha høgare lønn og kortare arbeidstid. På dei fire dagane vart doane overfylte. Kommunen gav seg, arbeidarane fekk ein ny og betre avtale. Denne hendinga vart med vidare i diskusjonen om vassklosetta.

Dobytte på skuldra

Det var livleg, offentleg diskusjon om vassklosett i tida kring 1900. Dei som ville ha vassklosett, sa at det vart veldig mykje griseri og søl når doane skulle tømmast. Innhaldet i dei store bingane måtte ein spa opp i gjødselvogner som vart kjørte inn i bakgardane. Det var ikkje betre med bytter. Det var doar i små rom i oppgangane, og renovasjonsarbeidarane måtte bere byttene nedover trappene. Det vart søl i trappene og på kleda til dei som bar. Byttene var stor og tunge, og arbeidarane var ofte nøydde til å bere dei på skuldra.

Overklassen meinte at det berre var dei sjølve som skulle ha vassklosett. Dei tykte dei trong dei mest. Dei sa at arbeidarane ikkje klarte å bruke vassklosett., - berre sjå kva som hender i England, sa dei. Det var nemleg sett inn vassklosett i nokre arbeidarbustader i England, og det var vanskeleg å halde dei reine. Det var kanskje ikkje så rart, for dei var av billegaste slaget som ikkje kunne spyle vatn. Ein måtte ha med seg vatn. Det var jo ikkje sikkert at kvart menneske hugsa å ha med seg ei bytte med vatn kvar einaste gong dei skulle på do …

Så vart det gjort undersøkingar i Oslo av bakteriar i Akerselva og fjorden. Det synte seg at fjorden var sterkt forureina. Så same kva dei gjorde, var det nødvendig å byggje reinseanlegg. Dersom slike reinseanlegg vart bygde, kunne byen ha vassklosett utan at det medførte ekstra problem.

I 1905 skulle bystyret avgjere om dei skulle setje i gang med reinsing av kloakk og med vassklosett. Dei som var for, snakka om hygiene og om faren for streik. Eit fleirtal sa likevel nei, fordi dei meinte klosett og reinseanlegg vart for dyrt.

Så hende det noko tre år seinare som gjorde at dei rike vart redde. Dei vart redde for å bli sjuke av epidemiar. Oslo vart ramma av koppar og paratyfus, som er ein mild tyfoidfeber, og ein koleraepidemi spreidde seg frå Finland. Då gjekk det ikkje lang tid: I 1910 sa bystyret ja til modernisering av kloakksystemet, innføring av vassklosett og bygging av to mindre reinseanlegg.

bakterie © Norsk VannMange stader i landet vart det laga reglar for kva folk skulle gjere med kloakken sin. Det vart forbode for huseigarane å la kloakken renne ut i elvar og bekker og i sjøen.

Miasme-teorien gjekk ein bort frå etter som kunnskapen om bakteriane vart større. Folk fekk vite at opne gjødseldyngjer og avfallshaugar var kjelde til smitte av sjukdommar på grunn av flugene og rottene. Dei skjønte også at infisert vatn frå haugane rann ned i bakken og kunne komme inn i drikkevatnet.

Det første reinseanlegget for kloakk i landet vart sett i gang på Filipstad i Oslo i 1910. Slik verka det: Avløpsvatnet vart ført inn på ei skive som gjekk langsamt rundt. Skiva stod på skrå og var full av hol. Den eine halvdelen var under og den andre var over vatn. Vatn med oppløyste stoff slapp gjennom, medan faste ting la seg på skiva og vart med opp over vassflata, der dei vart fjerna av roterande børstar. Så vart dei faste stoffa tekne vekk og transporterte bort. Slike anlegg vart det laga fleire av. Reinsinga tok berre ein femdel av dei faste stoffa. Resten gjekk i fjorden.

På vestkanten, ved Skarpsno, vart det bygd ein stor septiktank i 1911. Det sette fart i installeringa av vassklosett på vestkanten. Anlegget vart for lite, og i 1931 vart det bygd eit reinseanlegg.

Dei rekna med at over 90 prosent av det organiske materialet og mest 90 prosent av bakteriane vart fjerna. Men reinsing av kloakk vart ikkje vanleg i Noreg før lenge etter den andre verdskrigen.

Det var mykje strev med å bere vatn mange stader i landet. På eit småbruk med 5 - 6 personar, 4 - 5 kyr og ein 8 - 10 sauer, trongst det 50 bytter kvar dag.

bære vann til dyrene © Norsk Vann

Rett før den andre verdskrigen var det 125 000 gardsbruk som ikkje hadde lagt inn vatn anten i fjøset eller på kjøkkenet.

  • Under 40 prosent av bustadene hadde innlagt vatn.
  • Det var store skilnader mellom landsdelane og mellom klassane.
  • 55 prosent av gardsbruka i Trøndelag og på Austlandet hadde innlagt vatn.
  • 18 prosent av gardsbruka i Nordland, Troms og Finnmark hadde innlagt vatn
  • 12 prosent av dei som jobba med fiske eller hadde arbeid i skogen, hadde innlagt vatn.

dame bærer vann © Norsk Vann

I 1949 vedtok Stortinget ein eigen plan for at folk på landsbygda skulle få lagt inn vatn. Då skulle staten løyve pengar til vassforsyning. Det gjorde at mange fleire fekk vatn. Men det vart ikkje gitt pengar for å lage ordningar som tok seg av avløpsvatnet.

Så hende det noko.

Ei viktig lov vart vedteken i 1970: “Lov om vern mot vannforurensing”.

Ho sa korleis drikkevatnet skulle vernast, og korleis avløpsvatn skulle behandlast. I 1970-åra vart det bygd mange anlegg for reinsing av avløpsvatn. Staten støtta kommunane ved å gje pengar og lån.

1928 Stortinget vedtok ei ny lov om at kommunane kunne avgjere at alle husstandar skulle bli med i den kommunale renovasjonen, og at dei skulle betale ein fast sum pengar kvart år (ei renovasjonsavgift).

1929 Statens institutt for folkehelse (Folkehelsa) vart oppretta, og dei tok ansvaret for vassprøvane. Det hadde vore teke vassprøvar sidan 1890-talet. No vart det meir system på det.

1930-åra Fleire bilar og færre hestekjerrer. Bilar med behaldarar gjorde renovasjonsarbeidet lettare og meir hygienisk.

1933 Næringsmiddellova kom. Ho sa at Stortinget kunne lage reglar for kva som var bra nok drikkevatn og ha tilsyn med anlegg og drift av reinseanlegg. Men konkrete pålegg kom ikkje før i 1953.

1940 Vassdragslova kom. Vassdraga skulle vernast mot forureining. Kommunane fekk rett til å ekspropriere (oreigne) grunn for å leggje kloakkar og byggje reinseanlegg. Styresmaktene skulle godkjenne nye avløp til vassdrag. 

1940-1945 Den andre verdskrigen. Noreg var okkupert av Tyskland. Det vart ikkje drive noko nytt arbeid med vatn og renovasjon, bortsett frå nokre anlegg som tyskarane bygde. I nokre år etter krigen var det vanskeleg å få tak i materialar å byggje og lage ting med..

1947 Norges vassdrags- og elektrisitetsvesen (NVE) oppretta eit kontor for saker som handla om forureining og som behandla søknader om utsleppsløyve.

Frå 1950 vart det fleire vassverk, fleire bad, større bruk av vatn og dermed meir avløpsvatn

1953 Epidemi. Om sommaren var det ein epidemi med paratyfus i Sverige. 50 menneske døydde på ei veke i juni. Etter denne hendinga vart mange mykje meir opptekne av reinsing av kloakken. Det vart gjort undersøkingar av kloakkutslepp ved badeplassar.

1953 Drikkevannforskriften vart vedteken. Ho sa at helseråda skulle kontrollere alle vassverk som gav vatn til meir enn tusen personar.

1958  Norsk institutt for vassforsking (NIVA) vart oppretta av Noregs Teknisk Naturvitskaplege Forskingsråd.

1970 “Lov om vern mot vannforurensing” vart vedteken.

1972 Miljøverndepartementet vart oppretta.

1974 Statens forurensingstilsyn vart oppretta.