toppbilde

kapittel_7Kapittel 7
Vatn i verda

vannets kretsløp © Norsk Vann

Forureina drikkevatn er det største helseproblemet i verda. Diaré tek i dag livet av fleire menneske enn alle krigane i verda. FN seier at tilgang til reint vatn er ein menneskerett. Korleis skal det bli mogleg? Les vidare om vatnet i verda og om kva som kan gjerast.

Når du skyl ned i toalettet, brukar du mellom 3 og 9 liter vatn. Det avheng av korleis toalettet er laga.

I dei fattigaste områda i verda brukar ein person 10 liter vatn per dag til drikke, mat, vask av klede og seg sjølv.

hund spiser mat © Norsk Vann

I Europa blir det kvart år brukt 11 milliardar dollar på iskrem. I USA og Europa blir 17 milliardar dollar brukte på mat til kjæledyr. I Europa blir det årleg brukt 150 milliardar dollar på drikker som inneheld alkohol. Dette blir ti gonger den summen som trengst for å sikre reint vatn og gode sanitære forhold for alle i verda. (Kjelde: FN-sambandet)

sammenheng mellom kjøtt og vann © Norsk Vann

Verdsbanken seier at 300 000 menneske må koplast til leidningsnettet kvar dag i ti år dersom FNs tusenårsmål skal bli nådde. Det kostar 25 milliardar dollar årleg. (Kjelde: FN-sambandet)

Åtte dagars militære utgifter i verda tilsvarer den summen som trengst i eit heilt år for å rette opp mangelen på vatn og toalett i verda. (Kjelde: FN-sambandet)

stinkende renne ut i elv © Norsk Vann

Vatnet på jorda er det same sidan jorda vart til. Same vatnet, same mengda. Det går rundt og rundt i eit kretsløp. Men vatnet brukar lang tid på å gå heile vegen rundt. Imedan forureinar menneska vatnet med utslepp frå industri og jordbruk, og fordi det mange stader ikkje finst eit skikkeleg kloakksystem.

Eitt av tre menneske i utviklingsland manglar forsyning av sikkert vatn og gode nok sanitære forhold. 2,6 milliardar menneske lever under uforsvarlege sanitære forhold. Gode sanitære forhold vil seie at kloakk blir teke hand om på ein måte som gjer at drikkevatnet ikkje blir forureina. Men 41 prosent av folk på jorda har inga form for toalett eller do. I mange land blir elvar brukte som opne kloakkar og avfallsplassar, både frå hushald og frå industrien.

Drikkevatnet blir ofte brukt til mykje meir enn til drikke, som personleg hygiene og vask av klede.

Dyr og menneske drikk ofte av same vatnet.

Forureina drikkevatn er det største helseproblemet i verda. Ureint vatn og dårlege sanitærforhold er grunnen til 80 prosent av alle sjukdomstilfelle i verda og over 30 prosent av alle dødsfall. Forureining av drikkevatnet er skuld i at 25 millionar menneske døyr kvart år. Kvar dag døyr 6000 barn i utviklingsland av sjukdommar som kjem av ureint vatn og dårlege sanitære forhold. Vatnet har med seg smitte. Kolera, tyfus, hepatitt og diaré er dei vanlegaste sjukdommane. Diaré tek i dag livet av fleire menneske enn krig.

flere bor i byer © Norsk Vann

Stadig fleire menneske bur i byar. Om ti år er det mogleg at det berre i Asia vil vere 17 byar som kvar har over 10 millionar menneske. Mange store byar har problem med vatn og kloakk. Å skaffe gode system for å frakte reint vatn til folk og kloakk trygt vekk, er litt av ein jobb.

Om lag 90 prosent av all kloakk og 70 prosent av alt industriavfall i utviklingsland blir sleppt ut utan noka behandling og forureinar ofte drikkevasskjelder.

Dei fleste hus i Noreg er knytte til eit vassverk som syter for at vi får reint vatn. Avløpsvatnet frå toalett, dusjar, vaskeservantar, oppvaskkummar, gardar og industrianlegg går gjennom reinseanlegg før det blir sleppt vidare ut i naturen. Det har ikkje vore slik så lenge i Noreg. Dei fleste av dei som er 60 år no, var barn då det ikkje var så mange kommunale vassverk, eller kommunale kloakkanlegg. Kva gjorde folk?

200 og 10 liter © Norsk VannNokre område i verda er rike på vatn, som Noreg. Andre område er sterkt prega av lange tørkeperiodar då det ikkje regnar ein drope. Mest 20 prosent av menneska i verda bur i område der det er vassmangel heile eller delar av tida. 1,1 milliardar menneske eller ein sjettedel av menneska i verda, får ikkje reint vatn i det heile teke.

Det er ikkje berre tørke som er grunnen til at mange manglar vatn. Ein grunn kan vere at vatn og sanitæranlegg er skeivt fordelte, det vil seie at det er skilnader mellom rike og fattige land, og det kan vere veldig ulikt korleis rike og fattige menneske i eit land har det. I industrilanda er det daglege vassforbruket i eit hushald mellom 150 og 200 liter per person. Om lag det same forbruket har velståande menneske i fattige land. Vanlege menneske i fattige land, ikkje overklassen, brukar ikkje så mykje meir enn 10 liter kvar dagleg. I mange land prioriterer altså ikkje styresmaktene å skaffe reint vatn og trygge sanitære forhold til alle.

Jordbruket i verda står for 70 prosent av forbruket av ferskvatn. I nokre område 80 prosent. For å dyrke eitt tonn korn treng ein eitt tusen tonn vatn. For å produsere eit kilo kjøt, når dyret et korn som fôr, trengst det 15,000 liter vatn.

I Nord-Amerika og Europa blir det brukt meir vatn på industrien enn på landbruket. 59 prosent av vassforbruket i dei rike landa blir brukt i industrien. I dei fattigaste landa går 8 prosent av vatnet til industrien.

Dersom vatnet som industrien har brukt, ikkje blir reinsa før det kjem ut i naturen igjen, fører dette til stor forureining.

Industrien slepper ut stoff som bly, kvikksølv, kadmium, biocid, svoveldioksid og nitrogenoksid. Desse stoffa renn ofte ned i grunnvatnet og fører til at drikkevatnet blir ureint, og folk kan bli sjuke.

grunnvann © Norsk Vann

Grunnvatnet er det som gir vatn til ein tredel av folket på jorda. Dei har ikkje elvar og innsjøar å ta vatn frå. I mange land, som USA, Kina, India og Russland, brukar dei mykje grunnvatn. Dei brukar grunnvatnet fortare enn naturen sjølv rekk å fylle opp magasina (dei naturlege vassmengdene). Vasspegelen har falle opp til ti meter fleire stader på grunn av dette.

Intensivt jordbruk og turisme fører til stort vassforbruk ved kysten av Middelhavet. Her blir det pumpa opp så mykje grunnvatn at saltvatnet trengjer inn og øydelegg kvaliteten på ferskvatnet.

FNs klimapanel seier at det kjem til å bli meir nedbør i nokon delar av verda og meir tørke i andre delar.

Menneska påverkar landskapet slik at flaum lettare kan gjere skade, til dømes ved å hogge skog eller drenere myrar. Ein skog tek til seg meir vatn enn område der skogen er hoggen. Myrar og innsjøar tek opp i seg meir vatn enn drenerte myrar og busetnad og asfalt. Berre i Tyskland blir eit område tilsvarande 150 fotballbanar dekt av asfalt kvart år. Altså blir det mange stader vanskelegare for jorda å suge opp vatn.

FN-logo © Norsk Vann

Den første FN-rapporten om vassituasjonen i verda heiter World Water Development Report og kom i 2003. Rapporten heiter “2003—Det internasjonale året for ferskvatn: Fakta om ferskvatn”.

I desember 2003 avgjorde FNs generalforsamling at åra frå 2005 til 2015 skulle vere det internasjonale tiåret for aksjonen “Vatn for livet”.

FN seier at tilgang til reint vatn er ein menneskerett. Kva hender når fattige må betale for vatnet? I dag brukar fattige i u-landa 60-70 prosent av inntektene til å skaffe seg vatn. Dei med minst pengar betaler mest.

Les meir her.

I kva grad fører usemje om retten til vassressursane, til konfliktar og krig? Det er ulike meiningar om dette. 200 store elvar høyrer til to eller fleire land. Mange land er avhengige av at vatn renn frå grannelandet for at dei sjølve skal få vatn. Nederland og Ungarn er døme i Europa.

vannkonflikt og krig © Norsk Vann

Det er mange avtalar i verda om korleis vatnet kan brukast. Det er konfliktar. Men det er ikkje krig.

FN seier også: Utan tilgang til reint vatn og toalett står Tusenårsmåla, dei internasjonale måla for å halvere fattigdom og utrydde svolt innan 2015, i fare. Over store delar av verda er forureina drikkevatn ein langt større trugsel mot tryggleiken til menneska enn valdelege konfliktar.

FN har avgjort at Verdas vassdag skal markerast kvart år den 22. mars. FN seier at det eigentleg er nok vatn i dei fleste landa, men at styresmaktene ofte ikkje syter for at alle får. FN seier at alle menneske kan få minst 20 liter reint vatn kvar dag, og at dei som ikkje kan betale, skal få det gratis. Det meiner FN er mogleg. Kanskje dei som bur i rike land, kan hjelpe FN med å få det gjennomført?

Om lag 6000 barn døyr kvar dag av sjukdommar som oppstår fordi dei ikkje har tilgang til reint drikkevatn, har utilfredsstillande sanitære forhold og dårleg hygiene—dette svarer til at 20 jumbojetfly styrtar kvar dag.

Ein reknar med at halvparten av sjukehussengene i verda kvar dag er i bruk av personar som lid av sjukdommar som kjem av problem med vatn.

I dei siste ti åra har fleire barn døydd av diaré enn det samla talet på døde i væpna konfliktar sidan andre verdskrigen

I Kina, India og Indonesia døyr dobbelt så mange menneske av diaré som av hiv og aids.

I 1998 døydde 308 000 menneske av krig i Afrika, men meir enn to millionar (seks gonger så mange) døydde av diaré.

Den enkle handlinga det er å vaske hendene med såpe og vatn kan redusere talet på tilfelle av diaré med ein tredjedel. Då må ein ha vatn. Og såpe.
(Kjelde: FN-sambandet)