toppbilde

kapittel_5Kapittel 6
Vatn på 1000 måtar

Mange menneske gleder seg verkeleg til ei stund ved eit stilt vatn eller i fjøra. Berre for å ta det med ro og slappe av, høyre på dei små lydane og kjenne dei gode luktene. For nokon er kanskje bekken og myra på fjellet den aller beste staden å vere i nærleiken av. Andre kan ikkje tenkje seg noko betre enn bekken og mosen i skogbotnen om sommaren.

ungdom på telttur © Norsk Vann

Dette kapittelet handlar om gode opplevingar med vatn som gir glede og krefter. Vi skal ein tur innom vassvegane også. Eitt er sikkert: Nokon må ta, og nokon tek, ansvaret for at dei gode stadene blir tekne vare på.

Har du kjent sola varme deg ein sommardag, medan du kviler i graset og høyrer på klukkinga frå ein bekk? Mange diktarar har kjent glede. Det finst flust med songar om bekken.

gutt som ligger ved bekk © Norsk Vann

I dag blir det drive eit stort arbeid for å opne bekker som har vorte lagde i røyr. Bekkene skal komme til syne att, reine og fine, til glede og nytte. Før i tida vart elvane og bekkene i byane brukte som kloakkar. Folk heldt seg langt unna dei. Når det etter kvart vart bygd meir industri, hus og vegar, vart mange bekker lagde i røyr. Like fram til 1970-talet var det slik.

I landbruket vart også bekker lagde i røyr, og myrar og våtmarker vart drenerte (grøfta og tørka ut). Det var fordi bøndene byrja med store landbruksmaskinar som var greiare å bruke på store, heile jorde.

I dei seinare åra har kommunar, ofte saman med folk i nærmiljøet, skuleelevar og idrettslag, arbeidd med å opne bekker att. Mange stader, både i bygder og byar, blir det laga fine turvegar og rasteplassar langs bekkene.

Føremoner: Det blir nye leveområde for dyr som lever i vatn, fleire slags planter og buskar, fuglar og vilt, - eit større biologisk mangfald. Jorda blir betre reinsa. Område med bekker og myrar kan ta imot mykje vatn, og er derfor med på å minske faren for flaum. Bekker og vatn skaper større trivsel for folk i området, og det blir større mulegheiter for friluftsliv.

fontene i parken © Norsk Vann

Vi kan ikkje stadig gå på tur for å høyre lyden av rennande vatn. Vi er på skule og på arbeid, og nokon kan ikkje gå så langt heller. Men vi kan hente lydane frå bekken til staden der vi bur … I parkar og på torg gir fontenene oss noko vakkert å sjå på og noko godt å lytte til. Fuglane samlar seg. Nokon har også små fontener i hagane sine, - som også dreg til seg fuglar av mange slag.

Noko av det kjekkaste barn veit, er å leike med vatn. Å lage demningar og grave små bekker i vegen når snøsmeltinga gjer at det renn alle stader, er vel ei barndomsoppleving som mange hugsar med stor glede.

barn hopper i søledam © Norsk Vann

I vasskanten ved innsjøen og i fjøra kjem bytter og spadar fram. Djupe hol og høge borger blir laga av tolmodige, små sjeler. Vel å merke dersom vatnet er reint, og stranda er rydda for skrot. Kommunane gjer mykje arbeid for å lage badeplassar. Sand blir kjørt på. Det blir sett opp toalett og søppelkassar. Stranda blir rydda. Vasskvaliteten blir målt.

Men vi som brukar strendene, må også ta eit ansvar for at det er fint der. Ikkje knus glas! Ta med flaskene heim. Ikkje kast flasker i sjøen frå båt. Det er mange små barn som trør på store, skarpe bitar av glas og får store og vonde skadar. La heller barna trivast og vere glade.

I Noreg og i mange andre land prøver ein å verne våtmarkene. Ei våtmark er eit område der det er vatn rett over eller rett under bakken store delar av året. Det er myrar, grunne småvatn, delta, øyrer og fjøre. Vatnet kan vere salt, ferskt eller ei blanding (brakk).

gjess i solnedgang © Norsk Vann

Våtmarkene er truga. Det er synd, fordi dei er viktige av mange grunnar: Dei reinsar vatn og dempar flaum. Dei syter for at mange artar trivst, både plantar og dyr. Mange våtmarksområde er raste- og hekkeplassar for trekkfuglar. Dei er ofte eit område der menneska liker seg og dreg til, slik som her ved Østensjøvannet i Oslo (biletet).

vannledninger og hus © Norsk Vann

Noreg er ikkje berre eit fjell-land, men også eit vass-land. Langs kysten er det tusenvis av fjordar. Nokre går langt inn i landet. Til dømes er Sognefjorden 20 mil lang.

Det er 450 000 innsjøar i Noreg. At fjordane er sjøvegar, er velkjent. Mindre kjent er det kanskje at innsjøar og elvar har vorte mykje brukte som transportvegar. Dampskip vart brukte lenge før utbygginga av veg og jernbane. Tømmer, andre industriprodukt og varer vart transporterte på vatn. Også persontrafikk. Vatn er veg også i dag. Det går framleis ferjer på innsjøar.

Innsjøar i dag har ulike funksjonar. Nokon er drikkevatn. Andre er demde opp for å skaffe nok vatn til energiverk. Andre att kan brukast slik dei alltid har vorte brukte.

kanotur © Norsk Vann

Fjordar, elvar og innsjøar er ikkje berre til for transport og energi. Dei er også stader for rekreasjon: Fritidsbåtar, fiske, kanopadling og kajakk, vandring elvelangs om sommaren og skøyteturar om vinteren. Det er viktig å ta vare på vatnet og halde det så reint som mogleg, same kva vi brukar det til.

badestrand © Norsk Vann

Ein forfriskande dukkert ein varm dag! Kommunen tek målingar av vatnet for å finne ut om det er reint nok å bade i. Vatn og strender ved byar, industri og landbruk kan bli utsette for forureining, og her gjeld det å følgje med og setje inn tiltak. Eit stort arbeid er gjort mange stader for å gjere strender, sjøar og elvar reinare. Mjøsa er eitt av fleire døme på vatn som er vorte mykje reinare, endå om noko framleis står att.

Mange tusen menneske i Noreg driv med vatnsport i saltvatn og ferskvatn. Symjing og dykking. Vatnski med og utan drake. Rafting. Brettsegling. Segling. Roing og padling.

I nære omgivnader er bassenget det som er lettast å bruke, både fordi ein kan symje til alle årstider, og fordi det er nært. For at barn skal lære å symje, slik at dei kan klare seg betre i sjø og vatn, er bassenga viktige.

Så frys vatnet. Nedbøren blir ikkje lenger regn, men snø. Det gir nye mulegheiter for rekreasjon og morosame opplevingar.

lek på isen © Norsk Vann

Dei som vil stå på skøyter, kan mange stader bruke idrettsanlegg og banar som er laga til det. Nokre gonger kan vi stå på skøyter på vatn dekt av is. Somme gonger kjem kulda før snøen, og vatna får is som er så blank og jamn at ein kan gå på skøyter mange kilometer. Stålis kallar vi den isen. Ein kan gå på tur ein heil dag—på skøyter. Med det rette utstyret for å varsle og klare seg i tilfelle ulykker, og dersom ein ikkje går åleine, kan slike turar vere dei heilt flotte og trygge opplevingane.

På ski kan ein komme lenger av stad fordi det går snarvegar over islagde vatn.

Nokon tek med seg stol og mat og noko varmt å drikke, borar hol i isen og ventar på at ein flott middagsfisk skal bite på kroken.

Slalåmbakkane er fulle av folk, og snøbrettkjørarane fer ned dei brattaste kneikene.

Aking kan vere ei skikkeleg utfordring, anten med brett eller kjelke.

Det er opplagt at H2O kan brukast til fart og spenning, anten den er i flytande eller fast form …

Vatnet har gitt kunstnarar inspirasjon til å skape bilete, songar og dikt. Folk har laga forteljingar. Ei av dei er om han som somme stader blir kalla nykken, andre stader nykkjen eller nøkken. Nykken er eit slags troll som bur i vatnet. Han er vond. Han kan skape seg om til ein vakker mann, ein kvit hest eller ein trestokk, for å lure barn og unge jenter. Han lokkar dei med seg ned i vatnet, og der druknar dei. Når sola har gått ned, er han særleg aktiv.

nøkken © Norsk Vann

Nykken er også trist og einsam. Han kan spele veldig vakkert på fele og syngje like fint. Då lokkar han til seg dei han vil ha. I songen Jeg lagde mitt øre til kildens bredd av J .S. Welhaven, er den tredje strofa slik:

Når skumring hviler på fjell og vang
og lukker allverdens munne,
da nynner han først sin beste sang;
hans natt er lang, hans natt er lang,
han kan ei hvile og blunde.

munk i ganges © Norsk VannOver heile verda var og er det religionar der vatn og vassgudar spelar ei stor rolle. Vatnet er heilag. I Den norske kyrkja blir barn døypte i vatn som presten velsignar. I nokre kristne kyrkjelydar blir folk døypte ved å dukke heilt under. I den katolske kyrkja står det velsigna vatn innanfor døra.

Vigslevatn er velsigna vatn, og det skal gjere folk og ting velsigna. Dei blir frigjorde frå alt som er dårleg og skadeleg.

Store elvar er ofte vorte sett på som heilage, slik som Nilen og Ganges. Kanskje fordi folk har vore så avhengige av dei? Mange millionar menneske reiser til Ganges for å ta eit heilag bad. Dei meiner dei blir reinsa for all synd. I biletkunst blir Ganges ofte framstilt som ei ung gudinne for grøderikdom.

klasserom med planter © Norsk Vann

Eit nokså uvanleg klasserom? Ja vel, men triveleg?

Vi brukar nokså mykje vatn til å vatne planter ute og inne. Eit rom med mykje grønt får tilbake væte frå fordampinga i blada, og det er bra mot tørr luft. I eit klasserom er det vel best å bruke grøne planter utan blomar fordi elevar kan ha allergi.

Det er undersøkt på ein del arbeidsplassar kva grøne planter har å seie for folk. Svaret er nokså eintydig: Grøne planter er triveleg! Men hugs å vatne dei! (Og sjå opp for apekattar …)