toppbilde

kapittel_5Kapittel 5
Frå dass til glas

Hvor blir det av vannet vi bruker?

Kvar blir det av, vatnet vi brukar?
Vi dusjar og badar - kvar hamnar vatnet etterpå?
Vi trekkjer ned i do - uha, kvar blir det av alt som fossar vidare ned i røyret? Fiskehandlaren vaskar fisken, slaktaren spyler kjøtet, - kvar kjem vatnet ut att? Vi vaskar glas og tallerkar med mjølk og saus, - kvar blir sølevatnet av? Golva og operasjonsromma på sjukehuset blir vaska og vaska, - men vatnet, kvar blir det tømt? I fabrikkane vaskar dei maskinar og behaldarar med vatn som blir sendt vidare i røyra, - til havet? Til elva? Bilar blir spylte, såpa og skitten renn, - er det nokon som tek mot? (Klikk på figuren under for å sjå kva som hender.)

  • Avlopsrenseanlegg-l © Norsk Vann
 

Eitt er sikkert: Alt vatnet kjem tilbake til naturen. Då blir spørsmålet: Korleis kan vi gjere vatnet så reint som mogleg? Kan vi ta vekk såpa? Kva med det som kan smitte oss med sjukdommar? Kva med gift? Kva med det som kjem frå do?

Er det sant at vatn som vi reinsar, kan brukast på nytt? Kan det bli drikkevatn att? Korleis går det an å reinse så mykje forureina vatn?
Les vidare og sjå om du får svar …

Avløpsvatn er eit sams ord for alt vatn som blir ført vekk gjennom avløpsleidningar. Avløpsleidningane er røyr som er gravne ned i bakken. Spillvatn og overvatn er avløpsvatn.

Spillvatn

Spillvatn er vatn som har vore brukt i hushald, på sjukehus, skular, hotell, restaurantar, verksemder, industri, vaskeri og mykje meir.

Overvatn

Overvatn er vatn som kjem frå regn eller snøsmelting, som renn frå tak, plassar og vegar.
For å hindre flaum i kjellarar og gater, må leidningsnettet vere i stand til å ta unna regnvatn.

Urin, avføring, dopapir, skurebøttevatn, det vi heller ut i vasken på kjøkkenet, vatn frå badet og vaskerommet, såpe, dusjvatn, oppvaskvatn, vaskemiddel, vatn som vi kokar maten i, kaffigrut … Dette er avløpsvatnet frå huset ditt. Det inneheld mykje organisk materiale (ei samlenemning for materiale som stammar frå levande organismar. Daude planter og dyr og avfallsstoff frå levande dyr og menneske).

I avføring og urin er det fosfor og nitrogen. Fosfor (P) er eit grunnstoff som finst i jordskorpa. Det finst i alle levande organismar. Ein menneskekropp inneheld om lag ein prosent fosfor. Fosfor er viktig næring for planter.

Nitrogen kjem for det meste frå urin. Nitrogen (N) er eit grunnstoff. Plantene må ha nitrogen for å vekse.

Avløpsvatnet inneheld også mikroorganismar som bakteriar, virus og parasittar. Reinseanlegga er laga for å fjerne fosfor (P), nitrogen (N), organisk materiale og i stor grad mikroorganismar frå avløpsvatnet.

Kjem det for mykje nitrogen eller fosfor i ein innsjø eller fjord, kan det bli for mykje vekst av planter.

fiskedød © Norsk Vann

Fosfor (P) og nitrogen (N) er plantegjødsel som naturen treng. Dersom det blir for mykje av desse stoffa i ein innsjø, søkk dei ned til botnen. Då blir dei etne av bakteriar som brukar oksygen. Det kan føre til at det blir for lite oksygen att i vatnet, slik at fisk og smådyr døyr av oksygenmangel. For at ikkje dette skal skje, må vi reinse avløpsvatnet for fosfor og nitrogen før det blir sleppt ut.

Nokre algar lagar giftstoff

Næringsstoff i vatn er nødvendig og naturleg. Men når det blir for mykje av dei, kan det bli stor skade.

Algetoksin er giftige stoff som blir produserte i ferskvatn av blågrønalgar. Toksin er giftstoff. Blågrønalgar finst også i saltvatn, men dei er ikkje så vanlege der. Når slike algar “blømer opp” i store mengde, blir sjøen brun. Toksina er dødelege for mellom anna fisk i oppdrettsanlegg, og dei gjer at blåskjel ikkje kan etast.

Dersom det blir eit varmare klima, og dermed meir nedbør, vil det bli meir avrenning frå jord til elvar og sjøar, og dette kan auke faren for algevekst og utvikling av giftstoff.

forurensende overvann © Norsk Vann

Ein del av avløpsvatnet som kjem til reinseanlegget, er regnvatn og vatn frå snøsmelting, vatn frå gatene, vatn frå lekkasjar på drikkevatn-nettet, og grunnvatn som lek inn i avløpsrøyra. Alt dette kallar vi overvatn. Nokre stader blir det ført vekk i eigne røyr som går til bekker, elvar og innsjøar. Det er dersom vatnet er så reint at det ikkje treng reinsast.

Nokre stader blir overvatnet ført til dei same røyra som fraktar spillvatn.

vannledninger og hus © Norsk Vann

Avløpsnettet har for det meste to typar leidningar.

  1. Røyr (leidningar) som fraktar vekk overvatn. Det er regnvatn og vatn frå snøsmelting.
  2. Røyr (leidningar) som fraktar vekk brukt vatn frå vanlege hushald, skular og industri. Det heiter spillvatn.
  3. Enkelte stader er det berre éin sams leidning for spillvatn og overvatn. Slike sams system vart ofte lagde tidlegare, men dei blir framleis brukte, særleg i byar der overvatnet er forureina.


vannledninger i gata © Norsk Vann

Brukt vatn må reinsast! Då kan det trygt sleppast ut i naturen att.

avløpsrenseanlegg © Norsk Vann

Kva er god reinsing?

  • Det skal ikkje komme forureining i vassdraget (elvar og vatn) eller i sjøen der avløpsvatnet blir sleppt ut.
  • Det skal ikkje vere fare for helsa til folk.
  • Det skal ikkje bli skadar på naturen.

Det er ikkje nødvendig å reinse avløpsvatn på den same måten alle stader i Noreg. På stader der det er mykje ope hav, som på Vestlandet og nordover, kan det vere enklare reinsing. Her kan mekanisk reinsing vere nok. Det vil seie å ta vekk fast avfall og større partiklar i vatnet.

Utslepp til elvar og vatn i innlandet, og utslepp inne i ein fjord, må reinsast veldig godt. Då må det fjernast meir organisk stoff og næringssalt, som regel fosfor og nitrogen.

Når ein skal fjerne forureining i avløpsvatnet, er det fleire måtar å gjere det på. Vi skil mellom fire hovudtypar avløpsreinsing:

  1. Forbehandling
  2. Mekanisk reinsing
  3. Kjemisk reinsing
  4. Biologisk reinsing

Når ein skal reinse veldig godt, nyttar ein alle fire metodane. I andre tilfelle brukar ein dei to eller tre første.

Folk kastar ting i toalettet som ikkje skulle vere der. Det må vekk. Vatnet går derfor gjennom ei forbehandling, som er slik:

forbehandling © Norsk Vann

  • Avfall blir teke vekk. Vatnet blir silt gjennom rister. Oppgåva er å fjerne avfall som ikkje skulle vore kasta i toalettet, slik som plast, papir, filler, appelsinskal, bleier, øyrepinnar og mykje anna. Dette avfallet blir kjørt vekk og brent.
  • Sand blir fjerna. Sand blir skild ut frå avløpsvatnet i eit sandfang. Sand er tyngre enn vatn og søkk til botnen. Då kan det skrapast eller skyvast vekk. Sand og grus kan komme frå gater og vegar. I sandfanget blir det ofte pumpa inn luft for at grumset av organiske partiklar skal halde seg svevande i vatnet. Eit slikt system kallar vi lufta sandfang.
  • Feitt blir fjerna. Feitt i avløpsvatnet flyt oppå vatnet og kan skrapast eller skyvast vekk.

Sandfang og feittfang er til vanleg kombinerte i same bassenget.

mekanisk rensing © Norsk VannMekanisk reinsing vil seie at avløpsvatnet blir ført gjennom silar eller eit nedfallsbasseng (sedimenteringsbasseng).

Silane har mindre storleik på maskene enn ristene i forbehandlinga. Dei fangar opp avføring, toalettpapir og ein del organisk materiale.

Ved bruk av sedimenteringsbasseng må avløpsvatnet vere der lenge nok til at partiklar søkk til botnen. Det som blir liggjande på botnen, kallar vi slam. Slammet blir skrapa bort. Det kan seinare brukast som gjødsel på jorda. Det vatnet som er reinsa, går anten vidare til nytt reinsesteg, eller det blir sleppt ut i vassdrag eller sjø.

kjemisk rensing © Norsk VannHer er det kjemikalium som gjer reinsejobben. Ein del av partiklane i avløpsvatnet er så små at dei ikkje kan fjernast i forbehandlinga eller den mekaniske reinsinga. Dei er nemleg så lette at dei ikkje søkk og sedimenterer. Slike partiklar kan innehalde både organisk stoff, fosfor og nitrogen. Fosfor og nitrogen finst også løyst opp i vatnet, som til dømes som fosfat, nitrat og ammonium.

Desse partiklane og stoffa har negative elektriske ladningar. Ved å setje til kjemikalium som er positivt ladde, kan ein få små partiklar og oppløyst fosfor til å fnokke seg (klumpe seg saman) til større partiklar. I fysikken har vi lært at negative og positive ladningar tiltrekkjer kvarandre. Det er det som skjer her. Når fnokkane når ein viss storleik, vil tyngda gjere at dei søkk (sedimenterer).

Kjemikalium som får oppløyst fosfor og partiklar til å klumpe seg saman, er oftast aluminiums- eller jernsambindingar. Ca. 90 prosent av fosforet og ca. 70 prosent av dei organiske stoffa kan fjernast frå avløpsvatnet ved kjemisk reinsing. Ei ulempe med denne reinseprosessen er at han gjer lite med nitrogen.

Fnokkane (klumpane) søkk til botnen som slam. Dette blir skrapa bort, behandla og brukt til jordforbetring, medan vatnet som er reinsa, blir sleppt ut i vassdrag eller sjø.

bakterie © Norsk VannHer er det bakteriane som gjer jobben. I naturen blir daudt organisk materiale “ete opp” og brote ned av mellom anna mikroorganismar som bakteriar og sopp. Små dyr, sopp og bakteriar et daude dyr og planterestar, og når dei “bæsjar”, er stoffa delte opp i dei delane dei ein gong var laga av. Dei kan så gå vidare som byggjemateriale i nye planter og dyr. Dei går inn i kretsløpet i naturen på nytt. Vi kallar dette kretsløpet i naturen. Desse små skapningane er reinhaldsarbeidarane i naturen eller komposteringsanlegg.

Ved biologisk reinsing er det desse mikroorganismane som gjer reinsejobben. Når vi har oksygen i avløpsvatnet (vi bles inn luft og rører godt om), vil mikroorganismane ”ete” det organiske stoffet meir effektivt. Dette er mikroorganismar som alt finst i avløpsvatnet, men som får gode vilkår for å formeire seg i den biologiske reinseprosessen. Bakteriane kan sveve fritt rundt. Då kallar vi anlegget aktivslam-anlegg.

Bakteriane kan også feste seg på ting av plast med stor overflate. Då kallar vi anlegget biofilm-anlegg.

Her kjem mikroorganismane si evne til å formeire seg raskt til god nytte. I aktivslam-anlegg vil det etter kvart lage seg ei tjukk suppe av mikroorganismar og vatn. I biofilm-anlegg vil det danne seg tjukke lag av mikroorganismar på overflata av plasttinga, som etter kvart vil falle av. Når mikroorganismane har gjort jobben sin, søkk dei til botnen som slam. Slammet blir behandla og brukt til jordforbetring.

Det er viktig for vasskvaliteten i vassdraga at spillvatnet ikkje tek vegen ut i innsjøar, elvar eller bekker, men held seg i leidningsnettet (røyra) til det kjem fram til reinseanlegget. Det er ein grunn til at leidningsnettet må vere tett.

Avløpsleidningane som ligg nedgravne i bakken, blir utsette for både ytre og indre påkjenningar. Det kan vere vibrasjonar frå trafikken. Frost og surt vatn kan tære på leidningane. Dette kan føre til skadar, slik at det blir lekkasjar.

Dersom leidningane ikkje er tette, kan reint vatn leke inn. Dette vil forstyrre drifta på reinseanlegget og gjere behandlinga av avløpsvatn dyrare.Om nokon spyler ned avfall og større ting i do, kan dette setje seg fast i røyra og føre til full stopp. Avløpsvatnet kjem ikkje vidare. I staden kan det stige opp gjennom sluk i hus og kjellarar. Avløpsleidningane må derfor kontrollerast og om nødvendig reparerast for at dei skal fungere utan problem. Gamle og utette leidningar må skiftast ut med nye.

Pumpestasjonar

Avløpsleidningane blir lagde slik at vatnet kan renne nedover. Vatnet skal renne så fort at det tek med seg dopapir og avføring (sjølvreinsande system). På enkelte stader er det nødvendig å frakte vatnet oppoverbakke. Då må det pumpast. I Oslo er det til dømes 82 pumpestasjonar for avløpsvatn.

Overvaking av reinseanlegga

Styresmaktene har stilt krav til kor mykje reinseanlegga kan sleppe ut av ulike forureinande stoff. Reinseanlegga må vise at dei fyller desse krava. Derfor tek dei prøvar av vatnet og måler innhaldet av organisk stoff, fosfor, nitrogen osv. Dei større anlegga må også måle innhaldet av tungmetall og andre miljøgifter. Datateknologien styrer det meste av overvakinga og prosessane.

slam © Norsk VannPartiklane og fnokkane som blir liggjande på botnen av sedimenteringsbassenga, kallar vi slam. Det er særleg rikt på gjødselstoff som nitrogen og fosfor og organisk materiale, som finst i avløpsvatn frå hushald. Dette slammet eignar seg framifrå som gjødsel og jordforbetringsmiddel i landbruket. Det er også mogleg å bruke det på grøntareal, i skogbruk og vegskråningar.

Når vi nyttar slam til jordforbetring, fører vi verdifulle ressursar vidare i kretsløpet i naturen. Slam gir næring og organisk stoff til jordbakteriane og soppane. Derfor er det ønskjeleg at mest mogleg av slammet blir brukt til nytteføremål.

Kompost av slam

Før slammet kan brukast, må det behandlast slik at det ikkje spreier smitte eller lukt. Det er ulike måtar å behandle slammet på. Ferdig behandla slam kan delast inn i fire typar med ulike eigenskapar.

Kompost av slam blir laga ved at ferskt slam blir blanda med flis, bork eller kverna hageavfall. Det blir tilført luft. Når komposteringa er i gang, blir det høg temperatur, som drep smittestoffa. Då seier vi at slammet blir hygienisert. Resultatet blir noko som liknar jord.

Slam i tank utan luft

Slam fyller ein i ein tett tank, utan tilførsel av luft. Nokre gonger er det høg temperatur i tanken, nokre gonger blir slammet varma opp før det går i tanken. I begge tilfelle fører varmen til at smittestoffa blir drepne. Tanken blir kalla ein rotnetank eller ein biogassreaktor.

Når behandlinga i tanken er ferdig, tek ein slammet ut. Vatnet blir pressa ut av slammet. Då blir det ein grynete masse med svak lukt. Dersom slammet blir lagra litt før bruk, luktar det betre.

Slikt slam kallar ein “Anaerobt stabilisert slam” eller “utråtna slam”. “Anaerobt” tyder “utan luft”.

Slam behandla med kalk

Først får ein ut mest mogleg vatn av slammet. Så blir det blanda med kalk. Då utviklar det høg temperatur og pH-verdien stig. Både temperatur og høg pH-verdi drep smittestoffa i slammet. Slam som er behandla med kalk, får ein litt tørr og grynete konsistens. Kalkbehandla slam har høg pH og kan verke positivt på jorda.

Tørka slam

Slam kan tørkast ved høg temperatur: over 100 grader C. Smittestoffa blir drepne på grunn av den høge temperaturen. Når slammet er vorte tørt, blir det heller ikkje så mykje aktivitet i små planter og dyr, og då blir det heller ikkje så mykje lukt.

Slammet er lett å spreie, men kan støve. Tørka slam krev mindre plass og er lettare å transportere.

Slam som gjødsel og jordforbetring

Slammet er næringsrikt fordi det er så mykje organisk materiale i det. Derfor forbetrar slam jorda. Slam gir næring og organisk stoff til jordbakteriane og soppane. Då får jorda god jordstruktur. Det vil seie at jorda kan halde betre på vatnet, at næringsstoff blir meir tilgjengelege og at planterøtene får luft og gode forhold å vekse i. Ein god jordstruktur gjer at det blir mindre fare for erosjon og tap av jord. Jorda let seg ikkje så lett vaske vekk.

Miljøgifter er kjemiske stoff som ikkje høyrer til i naturen. Dei er giftige. Nokre samlar seg opp i næringskjeder i vatn og på land. Nokre blir ikkje brotne ned (forsvinn ikkje). Døme: PCB, DDT, radioaktive stoff, hormonstoff og tungmetall som bly, kadmium, kopar, kvikksølv og nikkel.

næringsvirksomhet © Norsk Vann

Dersom det kjem miljøgifter av ulike slag i avløpsvatnet, vil desse stoffa anten hamne i slammet eller følgje med vatnet ut i vassdraget eller fjorden. Tungmetall og andre miljøgifter i slammet vil hamne på jorda. Derfor blir slammet ofte kontrollert. Det er strenge krav til innhaldet av tungmetall og andre miljøgifter for slam som skal brukast til nyttige føremål. Det er derfor viktig å stanse eller redusere dei farlege stoffa før dei kjem i slammet. Dei må stansast ved kjelda, anten dette er i industrien eller hushalda.

Styresmaktene er i dag strenge med kva for stoff som kan førast ut i avløpet. Til dømes er industrien pålagd å halde tilbake spesielt skadelege stoff. Tannlegane må reinse ut kvikksølvhaldig amalgam. Bensinstasjonar må skilje ut olje. Sjukehus må halde tilbake medisinrestar og andre kjemikalium.

Likevel er det framleis ein del farlege stoff som hamnar i avløpssystemet. Kvar enkelt av oss kan gjere sitt for å redusere giftutslepp ved ikkje å kaste farleg avfall som spillolje, målingsrestar og white-spirit i toalettet eller vasken.

ikke kast i do © Norsk Vann

Vi menneske kastar dessverre ting i do som ikkje høyrer heime der, som bleier og øyrepinnar. Slikt kan setje seg fast og tette avløpsleidningane. Dette kan føre til lekkasje og flaum i bygningar som ligg utsett til.

Vi kastar av og til også giftige ting i do. Det er ikkje bra. Reinseanlegga for avløpsvatn er ikkje bygde for å fjerne miljøgifter. Dersom det er miljøgifter i vatnet, kan dei bli sende ut i elvar og vatn nedanfor, eller følgje med slammet som blir spreidd på åkeren.

Dette må vi ikkje kaste i do:

  • medisinrestar
  • olje og oljeprodukt
  • løysemiddel, måling, beis, lakk, kunstnarfargar, lim, botnstoff til båt og trykkfarge
  • restar av reingjeringsmiddel, flekkfjernar, rustfjernar og liknande
  • brukte batteri og termometer
  • restar av plantevernmiddel, soppfjernar og gifter mot skadedyr
  • mange typar hobbykjemikalium som måling og glasurar

Alt dette er farleg avfall. Farleg avfall skal leverast på eigne stader. Alle kommunar har slike stader der du kan levere slikt avfall.