toppbilde

kapittel_4Kapittel 4
Reint vatn → god helse

flokk som løper © Norsk Vann

Sterke friske kroppar treng vatn. Nok vatn, reint vatn. Vi må ta vare på vatnet. I dette kapittelet får du vite kvifor og korleis vi gjer det.

vanndiagram © Norsk Vann97 % saltvatn i hava

2 % is (polane og Grønland)

0,9 % grunnvatn (vatn i lausmassar og fjell)

0,1 % overflatevatn (sjøar, vatn, bekker og elvar)

Vi kan altså berre bruke ein prosent av vatnet på jorda. Altså den veldig tynne oransje streken på figuren til venstre. Då gjeld det å ta vare på vatnet. Reint vatn er avgjerande for helsa til alle menneske i verda.

 

drikker vann fra springen © Norsk Vann

Vatn er vårt viktigaste næringsmiddel.

Utan mat kan vi overleve i fleire veker.

Utan vatn kan vi overleve nokre få døgn.

Ein vaksen person treng frå 2–2,5 liter vatn kvar dag.

Vi får om lag ein liter frå maten vi et.

Vi bør derfor drikke 1–1,5 liter vatn om dagen.

Vi kjenner at vi er tørste når vi manglar om lag ein liter.

Det er berre fint å drikke vatn før vi blir tørste

Barn har større fordamping enn vaksne.

Gamle folk har dårlegare evne til å kjenne at dei er tørste.

Barn og gamle kan gløyme å drikke. Dei kan bli trøytte, få hovudverk og miste matlysta.

Slike plager kan forresten alle få dersom dei manglar vatn.

65 prosent vann © Norsk VannHos vaksne menneske består kroppen av om lag 70 prosent vatn.

Hos nyfødde utgjer vatn opp til 90 prosent av kroppsvekta.

Knoklar inneheld ca. 20 prosent vatn.

Feittvev inneheld 25 prosent, skjelettmusklar 80 prosent og blodplasma 92 prosent. (Blodplasma er væska i blodet.)

Lungene inneheld mest 90 prosent vatn.

Leidningsnettet for vatn i ein kropp, det vil seie blodårene, har ei lengd på 100 mil. Det er like langt som frå Trondheim til Oslo og tilbake att.

Vatn har ein veldig nyttig eigenskap: Det kan løyse opp dei fleste andre stoff. Det er fordi vassmolekylet har ei positiv og ei negativ elektrisk ladning, og det gjer at det lett kan binde seg til andre molekyls atom og frakte dei av stad. Slik kan salt flyte av stad, fordi dei sit fast på vassmolekylet. Dei fleste stoffa let seg løyse opp i vatn. Maten vi et blir delt opp, og det er vatnet som tek stoffa i maten med seg rundt i kroppen. Det er ikkje berre i menneska det føregår slik, men også i dyr og planter. vann transporterer stoffer © Norsk Vann

Alle gassar løyser seg opp i vatn. Oksygen frå lufta blir transportert via lungene til blodvæska. Der bind oksygenet seg til hemoglobin og blir frakta ut til cellene i kroppen.
Blodet inneheld mest vatn. Vatnet i blodet fraktar næring til kvar einaste celle i kroppen. Blodet blir reinsa i nyrene, og alle stoff som kan løysast opp i vatn, blir transporterte ut av kroppen.

Kroppen gir frå seg vatn gjennom lever, nyrer, lunger og huda (avføring, urin, pust, sveitte). Om lag tre prosent av det vi veg, kvittar vi oss med i form av vatn kvar dag. Veg du 60 kilo, kvittar du deg med ca. 2 liter vatn. Men det avheng sjølvsagt ein del av kor mykje du drikk og kor aktiv du er.

Vatnet går inn og ut av kroppen vår kvar dag heile livet. At vi får nok vatn, er viktig for helsa vår. Men vatnet må vere reint, for at vi ikkje skal få sjukdommar inn i kroppen saman med vatnet. I Noreg er det strenge reglar for korleis vatnet skal vere - for ei god helse.
Folkehelseinstituttet har arbeidd ut krav for godt drikkevatn. Dei viktigaste er:

  • Det skal vere hygienisk trygt, utan helseskadelege bakteriar
  • Det skal vere kjemisk trygt
  • Det skal vere klart
  • Det skal vere utan klar lukt og smak
  • Det skal ikkje verke tærande på røyr og installasjonar
  • Temperaturen bør vere mellom 2 og 12?C




vannet beskytter kroppen © Norsk VannVatnet i kroppen ligg som ei hinne og vernar innvendig hud (slimhinner). Det gjeld i lungene og resten av luftvegane, fordøyingssystemet og urin- og kjønnsleiarane.

Vatnet i auga vernar dei mot friksjon frå augnelokket.
Hjernen og ryggmergen ligg i eit vassbad, som vernar når kroppen rører seg. Dette vatnet fraktar også næringsstoff.

Ledda våre blir smurde av vatn.

vann regulerer kroppstemperaturen © Norsk VannVatn har stor evne til å ta opp i seg varme, utan at temperaturen stig like mykje som i andre stoff. Eit døme på det er at du kan setje eit glas med vatn i sola. Glaset blir varmare enn vatnet som er oppi.

Vatnet i kroppen blir seint varma opp. Blir vi veldig varme, slepper kroppen ut vatn av porene i huda. Vi kallar det sveitte. Når sveitten fordampar, gir vi frå oss varme, og vi blir avkjølte. Vi seier derfor at vatnet i kroppen stabiliserer kroppstemperaturen vår, altså gjer han jamn.

I Noreg brukar kvar innbyggjar mellom 150 og 200 liter vatn i døgnet. Til samanlikning brukar ein person i eit utviklingsland cirka 10 liter vatn per dag, og dette vatnet må ofte hentast fleire kilometer unna. Forbruket av vatn i Noreg for ein person per dag fordeler seg slik:

  • Bad, dusj, handvask og tannpuss: 55 liter
  • WC: 30 liter
  • Vask av klede og reingjering: 40 liter
  • Oppvask: 20 liter
  • Matlaging: 10 liter
  • Bilvask og hagevatning: (5+20) 25 liter

Totalt: 180 liter

Vi bruker så mykje vatn fordi det er mykje nedbør i Noreg. Men også fordi kommunane har laga eit system som får vatnet heim til folk. Dette vatnet er dessutan reinsa. Dei fleste stadene i Noreg kan ein drikke vatnet rett frå springen.

gammel gårdsplass © Norsk VannI gamle dagar vart mange i Noreg sjuke fordi hygienen var dårleg. Det var dårleg kunnskap om sjukdommar og smitte. Folk visste lite om kor viktig det er å vaske seg sjølv og omgivnadene. Mange stader var det dessutan veldig mykje arbeid å bere nok vatn til folk og dyr. Kloakken rann ofte der det fall seg, og kunne renne ut i drikkevatnet. Smitte spreidde seg fort. Les om det her: Det er dei same sjukdommane som drep folk andre stader i verda i dag, til dømes kolera og tuberkulose.

Etter kvart skjønte legane meir kor viktig hygienen var, både i samfunnet og for den enkelte. “Hygiene” er eit gresk ord avleidd eit ord som tyder “sunn”.

ungdom spytter © Norsk VannFor 70-80 år sidan var det nokså vanleg i Noreg at folk åt av same fatet, drakk av same ausa og ikkje vaska skeiene. Det var mykje tuberkulose her i landet heilt til for 50-60 år sidan. Vask av hender, bestikk, koppar og kjelar var viktig for at færre skulle bli smitta. I kampen mot tuberkulose hadde det mykje å seie at det kom ein vaksine, som vart påboden i Noreg i 1947. Men betre hygiene var også veldig viktig, særleg fordi sjukdommen smittar mellom anna via spytt. 

Mange menn brukte snus. Dei spytta. På jernbanestasjonane og andre stader stod det spyttbakkar, store trau som menn spytta i. Det var ganske vanleg. Det vart slutt på spyttbakkane etter kvart som arbeidet mot tuberkulosen gjekk framover. På skulane på 1950-talet lærte barna at dei ikkje skulle spytte.

såpevask © Norsk VannReingjering med vatn og såpe hindrar at mange sjukdommar spreier seg. Personleg hygiene handlar om å vaske kroppen, kleda og huset vi bur i. Det handlar om å vere reinslege når vi lagar mat og når vi har vore på do, for å unngå smitte.

Det er særleg viktig å vaske hendene godt for å unngå smitte av sjukdommar. Dårleg handhygiene er den viktigaste årsaka til spreiing av sjukdommar på sjukehus. Grundig handvask fjernar dei fleste av mikrobane på hendene våre, og slik forsvarar vi oss mot både forkjøling, influensa og magesjau.

I Noreg er vatnet i springen dei fleste stadene reint og godt. Det kan likevel bli betre. Personar som får vatn frå vassverk utan god nok behandling, kan få dårleg vatn. Kvart år er det nokon som blir sjuke med akutte eller meir langvarige mageproblem, fordi vasskjeldene er forureina eller fordi reinsinga av vatnet ikkje er god nok. Alle må ta ansvar for å verne vasskjeldene.

Vassverka jobbar heile tida med å innføre betre teknikk.

vann og hygiene © Norsk Vann

Det er ikkje lett å ta vare på helse og reinsemd når det ikkje er nok vatn eller når vatnet er forureina. Dette er situasjonen for fleire hundre millionar menneske i verda.

Les om det i kapittel 7.

I utviklingsland manglar eitt av tre menneske forsyning av sikkert vatn og skikkelege sanitærforhold. Folk får hepatitt A og E, diarésjukdommar som kolera og tyfoidfeber og hudsjukdommar, når bakteriar frå avføring finst i drikkevatnet.

Kolera

Av gresk “galle”, cholera asiatica, akkutt, smittsam og svært vondarta tarminfeksjon med opphav i stavbakterien Vibrio cholera. Sjukdommen ytrar seg ved oppkast, kraftig diaré og nedsett allmenntilstand. Væsketapet gjer at kroppen tørkar inn, og elektrolyttbalansen blir forstyrra. Dette kan føre til nyresvikt, smertefulle muskelkrampar, medvitsforstyrring og eventuelt død. Smittestoffet finst i avføringa, så god hygiene vil hindre epidemiar. (Kjelde: Store norske leksikon).

Tyfoidfeber

Ein smittsam sjukdom som kjem frå bakterien Salmonella typhi. Han ytrar seg ved høg feber, omtåka medvit, magesmerter og diaré. Bakteriane følgjer med avføringa ut av kroppen, smitten skjer via forureina vatn og matvarer. Ubehandla vil 10-20 % døy, behandla med antibiotika under 1 %. Kan førebyggjast ved vaksine. Tyfoidfeber, ofte kalla nervefeber og tyfus, var tidlegare ein alvorleg og utbreidd sjukdom, men er no trengd tilbake som følgje av sanitære tiltak i i-land. Vanleg i u-land. (Kjelde: Caplex)

Hepatitt A

Hepatitt A var tidlegare svært vanleg i Noreg. I dag førekjem sjukdommen sjeldnare, stort sett hos personar som er smitta i utlandet og blant stoffmisbrukarar. Vaksne blir som regel sjukare enn barn om dei får hepatitt A. Viruset blir skilt ut i avføringa frå smitta personar. Viruset blir derfor for det meste overført gjennom vatn som er forureina av kloakk eller via mat som er behandla av smitta personar med dårleg handhygiene.