toppbilde

kapittel_4Kapittel 3
Kvifor kan vi drikke vatn frå springen?
 

Vi må reinse vatnet før vi drikk det for at vi ikkje skal bli sjuke. I dette kapittelet får du vite kvifor og korleis vi gjer det.

  • Drikkevannsrensing-l © Norsk Vann
    1. Siling 2. Lufting 3. Kjemisk rensing 4. Slamfjerning 5. Filtrering 6. UV-behandling 7. Kalking 8. Ut i vannledningen og hjem til deg
 

Denne teikninga viser eit nytt anlegg for behandling av drikkevatn i Oslo. (Klikk på teikninga for å sjå ein større versjon.) Tala på teikninga viser til:

  1. Siling
  2. Lufting
  3. Kjemisk rensing
  4. Slamfjerning
  5. Filtrering
  6. UV-behandling
  7. Kalking
  8. Ut i vassledningen og heim til deg

Det er mange måtar å behandle drikkevatn på. Måla er dei same:

1. Rensing.
Først blir mykje rusk og rask fjerna frå vatnet. Fisk skal også stoppast. Det gjer ein ved å sile vatnet på ulike måtar.
 

2. Behandling av vannet.
Det er viktig å drepe det som kan gje sjukdommar. Vatnet skal desinfiserast. Det vil seie å ta livet av bakteriar, virus og parasittar. Det vil også seie å ta vekk andre skadelege stoff. Ikkje alle vassverk gjer likt. Det kjem an på korleis vatnet er på staden.
 

siling © Norsk VannDette gjer ein når vatnet skal takast frå ein innsjø eller ei elv:

I enden av røyret som vatnet går inn av, er det ein sil. Han er laga av duk, eller han er ei grind. Silen hindrar at fisk, gras, barnåler, greiner og mykje anna rusk og rask følgjer med til vassverket.

Vatnet blir deretter ført gjennom endå ein eller fleire silar eller filter med finare maskevidd, som fjernar endå mindre bitar.

lufting © Norsk VannLufting vil seie å sende luft (oksygen) inn i vatnet.

  1. For å fjerne stoff som radon, jern og mangan som kan vere skadelege for helsa
  2. For å gje vatnet betre lukt og smak. Vatn med lite oksygen kan få dårleg lukt og smak. Særleg kan det ramme grunnvatn

Vatnet kan luftast slik:

  1. Vatnet går til nokre store behaldarar. I botnen av behaldarane blir det sprøytt luft inn i vatnet. Det er det same prinsippet som ein brukar i boblebad.
  2. Vatnet kan sendast nedover noko som liknar på breie trapper. Då bind oksygenet i lufta seg med vatnet.
  3. Vatnet kan dusjast inn i eit basseng. Oksygenet i lufta bind seg med vassdropane.

I vatnet er det bitte små dyr og insekter, rusk, bakteriar og virus, små partiklar og ein del kjemiske sambindingar. Vatnet kan ha litt farge på grunn av oppløyste planterestar (humus). Mykje av dette kan takast vekk dersom vatnet blir tilsett nokre spesielle stoff. kjemisk rensing © Norsk Vann

  1. Først har vi karbondioksid (CO2) og kalk i vatnet. Dette kallar vi for alkalisering. Det gjer vi for at vatnet skal ha ein jamn og passe surgrad (pH-verdi). Dette er viktig for at dei stoffa vi har i vatnet etterpå, skal verke best mogleg.
  2. Vi har stoff som inneheld aluminium eller jern. Dei er kjemikalium. Dei blir drypte ned i vatnet. Store røremaskinar blandar vatnet og kjemikalia. Stoffa gjer at det som skal vekk, klumpar eller fnokkar seg saman. Då blir dei tyngre og fell til botnen.
  3. Vi kan ha veldig fin sand i vatnet som vi kallar mikrosand. Sanden fester seg til fnokkane og gjer dei tyngre.
  4. Til slutt kan vi ha eit klistremiddel i vatnet, ein polymer, som gjer at fnokkane blir seige og klistrar seg saman.

Fnokkane fell til botnen. Det kallar vi felling. Då kan fnokkane skrapast vekk. Fnokkane kan også setje seg på plater som blir stilte på skrå i bassenget. Så kan platene reinsast. Det at partiklane klumpar seg saman, kallar vi også koagulering. Denne reinseprosessen kan få vekk farge, partiklar, bakteriar, virus, soppsporar og parasittar, men ikkje alt.

Fnokkane som søkk til botnen, kallar vi slam, som blir pumpa vidare til slambehandlinga.

filtrering © Norsk VannVatnet blir sendt gjennom eit eller fleire basseng som er fylte av sand eller kol. Sand og kol verkar som eit filter. Dette gjer ein for å fjerne dei partiklane som måtte vere att i vatnet. Det tek vekk lukt- og smaksstoff. Restar av aluminium eller jern som vart brukte i den kjemiske fellinga, tek ein også vekk her.

Vatnet kan filtrerast gjennom ein membran. Ein membran er ein duk. Dersom membranen har veldig, veldig små opningar, kan bakteriar og virus stoppast.
Denne filtreringa etterpå kallar vi etterpolering - den siste finpussen.
 

Siling kan ikkje stanse små organismar som bakteriar og virus eller stoff som er løyste opp i vatnet. Siling eller filtrering kallar vi forbehandling av vatnet. Etterpå kjem fleire ting som desinfiserer vatnet. Det er den verkelege behandlinga av vatnet. Då skal det lagast hygieniske barrierar. Det vil seie å lage stengsel eller hindringar som skal sikre at drikkevatnet ikkje inneheld ting som gjer oss sjuke. Bakteriar, parasittar og virus skal drepast.

Det skal heller ikkje vere for mykje av andre stoff som vi kan bli sjuke av. Det kan vere kjemiske stoff som kjem frå olje eller stoff som blir brukte til å sprøyte planter med. Slike stoff er det veldig vanskeleg å reinse vekk frå drikkevatnet, det er mest umogleg, så her er det om å gjere å hindre at dei kjem i drikkevatnet frå byrjinga av.

Hygieniske barrierar kan vere:

  • Vi kan lufte vatnet
  • Vi kan tilsetje stoff som får små partiklar til å søkkje ned eller flyte, slik at dei kan skrapast vekk
  • Vi kan bruke ein spesiell membran, som er ein duk med veldig små hol
  • Vi kan la vatnet renne sakte gjennom sand. Det heiter langsamfiltrering.
  • Vi kan sende ultrafiolette strålar gjennom vatnet (UV-strålar)
  • Vi kan ha klor i vatnet
  • Vi kan sende ozongass gjennom vatnet

UV-stråling © Norsk VannUV-stråling er ein måte å desinfisere vatnet på. Vatnet går inn i ein behaldar. I veggene i behaldaren er det lampar som sender UV-strålar på kryss og tvers gjennom vatnet. Stadig fleire vassverk brukar UV-strålar. Klor blir også brukt til å desinfisere vatnet, men UV-strålar tek smittestoffa betre enn klor.

Ultrafiolette strålar er lysbølgjer som ikkje er synlege for oss. Ei naturleg kjelde til UV-strålar er sola, og vi får kvar dag UV-strålar på oss. Desse strålane har ein meir konsentrert energi enn det synlege lyset har. Nokre UV-strålar har mykje større verknad enn andre, og dei kan drepe bakteriar, virus, soppsporar og andre mikroorganismar.

Det skjer ved at UV-strålane trengjer inn i cellene i organismen og skader DNA-strukturen (arvematerialet) slik at han ikkje lenger kan kopiere seg. Organismen har derfor ikkje mulegheit til å formeire seg og vil døy ut. Ein føremon med å drepe mikroorganismar på denne måten, framfor å drepe dei med til dømes klor, er at organismen ikkje får mulegheit til å gjere seg resistent (motstandsdyktig). Ein annan føremon er at dei ultrafiolette strålane ikkje vil bli hangande att på overflata av vatnet, slik mange desinfiserande middel gjer. Bruk av UV-strålar i behandling av drikkevatn er ein føremon sidan det også vernar mot mikroorganismar som toler klor.

Klor er truleg det kjemikaliet som har redda flest menneskeliv. Det er det middelet som blir mest brukt i heile verda for å desinfisere drikkevatn. Når vi har klor i vatnet, blir bakteriar og virus drepne. Klor er svært effektivt mot tarmbakteriar frå menneske og dyr.

Bakteriar og virus har eit slags skal rundt seg, ein cellevegg og ein cellemembran. Klor angrip skalet og trengjer inn i cella og øydelegg arvematerialet. Når du badar i eit badebasseng, er lukta du kjenner i symjehallen, klor som er tilsett vatnet. Klor drep ikkje parasittar som Giardia og Cryptosporidium. Dei kan gje kraftig diaré og sterke magesmerter som kan vare i vekevis. Parasittane blir drepne ved koking og bruk av UV-stråling og ozongass.

Vi kan bruke ozongass som ein måte å desinfisere vatnet på. Ozon kan drepe bakteriar, parasittar og virus. Ozon kan drepe parasittar betre enn klor, men dårlegare enn UV-strålar.

kalking © Norsk VannFør vatnet blir sendt ut som ferdig drikkevatn, har vi på nytt karbondioksid og kalk i vatnet. Det er for at vatnet skal ha ein surgrad på ca. 8. Det vil seie at det ikkje er så surt. Kalken lagar eit vernande lag inne i vassrøyra, slik at det blir mindre tæring på dei. Då varer dei lenger, og vi får mindre kopar i drikkevatnet dersom det er koparrøyr i husa til folk. Vi kallar denne siste prosessen for alkalisering og pH-justering.

Slam er det vi har teke ut av vatnet. Først ser slammet ut som vatnet i ein sølepytt. Når vi behandlar slammet, er det for å få ut vatnet. Når slammet er tørt, kan det brukast til å gjere jorda betre å dyrke i.

Vassverka behandlar vatnet på litt ulik måte. Nokon brukar grunnvatn, andre brukar vatn frå ein innsjø eller ei elv. Nokre stader ligg vatnet i eit landbruksområde, andre stader er det mykje fjell og lite menneske. Vassverka finn ut kva som er nødvendig på kvar stad ut frå korleis vatnet er der. Kva gjer vassverket som du får drikkevatnet ditt frå?

Drikkevatn må vi sjå på som eit næringsmiddel på linje med mat. Når du skrur på krana heime for å ta deg eit glas vatn, vil du at vatnet skal smake godt, vere utan lukt og ikkje vere helsefarleg å drikke. Vassverka overvakar heile tida både kvaliteten på vatnet, røyrsystema og om alt går som det skal i reinseanlegga.

Nasjonalt folkehelseinstitutt (Folkehelsa) har utarbeidd krav for godt drikkevatn.

Dei viktigaste er:
 

  • Det skal vere hygienisk trygt, utan helseskadelege organismar og stoff.
  • Det skal vere kjemisk trygt. Mange stoff som finst i naturen, er i drikkevatnet.
  • Det er heilt naturleg, men nokre av dei skal det ikkje vere for mykje av.
  • Det skal vere klart.
  • Det skal vere utan spesiell lukt og smak.
  • Det skal ikkje verke tærande på røyr og installasjonar.
  • Temperaturen bør vere mellom 2 og 12?C.

vannets kretsløp © Norsk Vann

Sola varmar opp vatnet i havet. Vatn fordampar og stig opp i lufta. Høgare oppe blir dampen avkjølt og lagar skyer. Når det er mykje vatn i skyene, fell vatnet ned som nedbør. Nedbøren kan vere snø eller regn og nokre gonger hagl. Der klimaet er kaldt, blir jorda dekt av is, snø og brear, og noko av dette smeltar om våren og sommaren. Andre stader er klimaet slik at det regnar mykje i periodar. Mesteparten av nedbøren fell rett ned i havet, fordi jordkloden er dekt av meir hav enn land.

Kvar blir det av nedbøren og smeltevatnet på bakken? Noko av det renn som elvar tilbake til havet. Noko vatn sig ned i sprekkar i jord og fjell og renn ut i havet den vegen. Noko av vatnet sig ned i jord og fjell og kan bli til kjelder for drikkevatn. Noko av vatnet nede i bakken sig ut att og lagar elvar og innsjøar. Vatn i bakken blir brukt av planter, og vatnet fordampar frå blada. Vatnet går rundt og rundt. Det er det same vatnet heile tida. Kvar byrjar vatnet? Kvar sluttar vatnet? Ja, kven kan seie det?

Ferskvatn i Noreg

Ferskvatnet som det er mogleg å utnytte i Noreg, stammar frå nedbøren. Det er

  • vatn som er bunde i brear og snø
  • vatn i bekker, elvar, tjørner og innsjøar, overflatevatn
  • vatn nede i bakken, grunnvatn

Drikkevatn kan hentast frå overflatevatn og grunnvatn. Både overflatevatn og grunnvatn kan vere gode kjelder for drikkevatn, dersom det ikkje er forureina av til dømes industri, landbruk eller avløpsvatn.

overflatevann © Norsk Vann

Overflatevatn er vatn som samlar seg i bekker, elvar, tjørner og innsjøar.

Drikkevasskilder frå innsjøar

sprangskiktet © Norsk VannI innsjøar er det viktig at vatnet blir henta frå djupet. Det kan nemleg vere stor skilnad på vatnet frå djupet og vatnet frå det øvste laget. Om sommaren er det øvste laget i vatnet varmt, ofte rundt 20 grader. På djupet er temperaturen ofte 4 grader. I eit område i vatnet møtest det kalde og det varme vatnet. Her fell temperaturen svært raskt. Derfor kallar vi dette området ”temperatursprangsjiktet”. På fagspråket heiter det ”termoklinen”.

Du har kanskje merka at når du har stupt eller hoppa i eit vatn, så har du kjent at vatnet lenger nede har vore kaldare enn øvst oppe? Brått, ved eit visst djup, vil temperaturen stabilisere seg og vere jamn. Dette laget kallar vi djupvasslaget.

Du kan tenkje deg at innsjøen er delt i tre lag.

  1. Overflatelag
  2. Temperatursprangsjiktet (termoklinen)
  3. Dypvasslag

Det spesielle med denne lagdelinga som er viktig for drikkevatnet, er at desse laga til vanleg ikkje blandar seg i sommarhalvåret. Når ein innsjø blir forureina anten via nedbøren eller via bekker, elvar og tilsig, vil forureininga halde seg i vasslaget på overflata. Det er derfor det nokre stader kan gå an å bade i ein djup innsjø, samstundes som han er ei kjelde for drikkevatn! Styresmaktene vil setje opp skilt eller gjerde for å verne drikkevatnet der det ikkje er mogleg å bade eller vere i nærleiken av det.

Djue innsjøar er best

Temperatursprangsjiktet verkar til vanleg som ein effektiv barriere mot visse forureiningar. Denne barrieren vil kunne brytast for ein kortare periode om våren og hausten. Det er på grunn av vind, og fordi temperaturen endrar seg.

Om vinteren vil også isen verke som eit ekstra vern mot luftforureining. Dette fører til at vatn frå djupet ofte vil vere godt nok som drikkevatn.

I grunne innsjøar manglar til vanleg delinga i overflatelag, temperatursprangsjikt og djupvasslag. Slike vatn er dårlegare sikra mot forureining. Vatnet blir skifta ut raskare. Og fordi det er mindre vatn i grunne innsjøar, blir forureininga i mindre grad tynna ut. Grunne innsjøar, tjørner og dammar blir ofte sett på som mindre gode kjelder for drikkevatn enn store og djupe innsjøar.

måling av vannspeilet © Norsk Vann

Dersom det kjem nok vatn ned i bakken, blir porer og sprekkar fylte opp nedanfrå. Det området der alle holrom er fylte med vatn, kallar vi metta sone. Sjølv om vi seier at holromma blir fylte, vil vatnet likevel sakte sive vidare. Så blir holromma fylte opp på nytt.

Overflata på metta sone kallar vi ”grunnvasspegelen”. Vatnet står opp dit. Når vi grev eller borar ein brønn, står vatnet i brønnen så høgt som grunnvasspegelen står.

Over grunnvasspegelen, i den øvste delen av grunnen, er holromma berre delvis fylte med vatn. Her fordampar det lite vatn, og vatn renn vidare, så sprekkar og andre holrom er ikkje like fulle. Dette området kallar vi markvatnsona, eller umetta sone.

I fjell vil ikkje grunnvasspegelen vere ei samanhangande flate, fordi vatnet stort sett ligg i sprekkar og holrom.

Grunnvatn og flaum

Mengda grunnvatn i bakken har mykje å seie for om det blir flaum eller ikkje. Er bakken nærast metta med vatn, det vil seie at grunnvasspegelen er nær overflata, aukar sjansen for flaum ved nedbør og snøsmelting, fordi bakken ikkje klarer å ta imot alt vatnet som kjem.

Vatnet i elvane kjem frå grunnvatnet

Når det regner, vil vannet sive ned i jorda og videre ned mellom sand, grus og stein. Herfra vil det sakte vandre mot det laveste punktet i terrenget. Til slutt siver det ut i bekker, elver, tjern, innsjøer og i havet. Mesteparten av vannet i elvene kommer fra grunnvannet.

Dette har stor betydning for hvordan vannkvaliteten er, vanntemperaturen og hvilke planter og dyr som kan leve i ferskvannet. Det er altså en sammenheng mellom grunnvannsnivået og mengden vann som er i vassdragene (Et vassdrag er et sammenhengende system av bekker, elver, innsjøer og isbreer, regnet fra sine utspring i skog og fjell og ned til et felles utløp i havet, en innsjø eller ei større elv. Kjelde: Wikipedia)

glad fisk © Norsk Vann

Grunnvatnet som strøymer til vassdraga, har positiv verknad mellom anna på fisken. Område med tilsig av grunnvatn gjer det mogleg for laksefisk å gyte på stader der vatnet normalt ville ha vore for stilleståande til at egga ville overlevd. Tilsiget av grunnvatn skaper straum, slik at smårusk ikkje set seg fast på egga. Elvar med stort tilsig av grunnvatn vil også ha auka produksjon om vinteren, det vil seie at fisk og andre levande organismar også veks om vinteren, fordi temperaturen er stabil gjennom heile året.

Klimaendringar

Den temperaturen vi har på grunnvatnet i dag, er svært bra for vassforsyninga. Dersom temperaturen i vatnet stig med 1-2 grader, kan det bli meir bakteriar i vatnet. Nokre stader i Nord-Noreg og på Svalbard kan smeltinga av brear føre til at grunnvatnet frys. Det er fordi isen og snøen no fungerer som eit teppe som isolerer jorda frå kuldegrader (kjelde: NVE). Dersom is og snø smeltar, vil denne isolasjonen bli svakare eller bli borte.

 

no swimming © Norsk Vann Vassverk som nyttar grunnvatn, treng ofte ikkje reinse vatnet grundig fordi grunnvatnet ligg godt skjerma nede i jorda. Men vasskjelda må vernast ved at det blir laga reglar for kva folk kan gjere og ikkje gjere i det området som vatnet sig gjennom. Her gjeld Drikkevannsforskriften.

Nedbørfeltet

Når det skal veljast ut vasskjelder som er gode som drikkevatn, er det særleg viktig å undersøkje kva folk gjer i det området som vi kallar nedbørsfeltet. Nedbørsfeltet er heile det området som grensar til vasskjelda. Nedbørsfeltet kan samanliknast med ei trekt som samlar nedbør og fører vatnet ned i ein tut. Kanten på trekta er høgdedraga i landskapet, medan tuten er elvar, sjøar og grunnvatn.

Dei viktigaste kjeldene til forureining er landbruk, busetnad, industri, skogbruk, trafikk og salting av vegar. Dersom desse stoffa ikkje blir tekne hand om, vil dei kunne komme ned i grunnvatnet eller i innsjøar og elvar. Døme på særleg alvorleg forureinande stoff i grunnvatn er olje, kloakk, sprøytemiddel, kunstgjødselsstoff og industrikjemikalium.

Det blir teke prøvar for å finne ut kor god kvalitet det er på vatnet. Klarer ein å finne ei vasskjelde som er lite utsett for forureiningar og med god kvalitet heile året, blir det ikkje nødvendig å reinse vatnet med alle metodar.

Mikrobiologiske forureiningar

bakterie © Norsk VannMikroorganismar er mikroskopisk små dyr eller planter. Mange av dei kan vi ikkje sjå utan mikroskop. Mikroorganismane omfattar mellom anna bakteriar, virus, parasittar, sopp og algar.

Dei finst over alt. Nokre få av dei kan gjere oss sjuke. Nokre kan finnast i avføring frå menneske og dyr. Derfor er det viktig ikkje å sleppe ut avløpsvatn i vassdraga våre. Dersom ein bonde spreier husdyrgjødsel i nedbørsfeltet eller har dyr på beite, kan risikoen vere stor for at smittsame organismar hamnar i drikkevatnet.

Når ein skal velje kjelde for drikkevatnet, er det derfor viktig å kartleggje gardsbruk, bustader, hytter og næringsliv i nedbørsfeltet.

Her er nokre stader som kan gje deg meir informasjon om drikkevatnet vårt: