Vi vaskar ute også

I byane skaper trafikken mykje støv og skitt. Så det blir vaska. Utanpå store bygningar, slik som på teikninga, der vindauga får ein omgang. Trafikklysa blir spylte så det ikkje skal vere tvil om fargen på lysa dei sender ut. På landevegen blir skilta reingjorde for å betre tryggleiken.
Gatene blir spylte og feia.
Tog, trikkar og bussar blir vaska dagleg. Det skal skaffast mykje vatn..
Stadig klesvask
Klesvask heime går greitt når vi har vaskemaskin, og vi kan gå nyvaska og fine ut i dagen. Kanskje vi vaskar for ofte, nokon byter klede fleire gonger om dagen og vaskar dei. Men nokre stader er det nødvendig å vaske så grundig og ofte for at smittestoff skal fjernast. På sjukehuset gjeld det sengetøyet og kleda til dei tilsette. På hotella gjeld det sengetøy og dukar, bad og rom. Kafear og restaurantar må ha reine dukar, toalett, kjøkken og servise, og dei som jobbar på alle desse stadene, må vaske hendene grundig og ofte. Medan gjestene søv eller kosar seg med maten, er det alltid nokon som vaskar og vaskar, for at hygienen skal bli så god at folk ikkje blir sjuke.

Vatn som blir brukt, hamnar i avløpsrøyra under gatene. Det blir reinsa. Korleis det blir gjort, kan du lese her.